1. Ein song til høgtidsferdene. Til Herren ropa eg i mi naud, og han svara meg.
2. Herre, frels mi sjel frå ei ljugarlippa, frå ei falsk tunga!
3. Kva skal han gjeva deg, og kva meir skal han gjeva deg, du falske tunga?
4. Kveste piler frå valdsmannen og glør av einebuska*.
5. Usæl eg, som lyt halda til millom Mesek og bu ved Kedars tjeld*!
6. Lenge nok hev sjeli mi butt hjå dei som hatar fred.
7. Eg er berre fred, men når eg talar, er dei ferdige til strid.