Bible Study: FrontPage




 

1 Krønikebok, Chapter 10

Bible Study - 1 Krønikebok 10 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Filistarane gjekk på i striden mot Israel; Israels-mennene rømde for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet.
  
2. Filistarane sette etter Saul og sønene hans, og dei felte Jonatan og Abinadab og Malkisua, Sauls-sønene.
  
3. Striden vart hard ikring Saul, bogeskyttarane kom yver han, og han fekk ein støkk i seg for skyttarane.
  
4. Då sa han til våpensveinen sin: Drag sverdet ditt og renn det igjenom meg, so ikkje desse u-umskorne skal koma og skamfara meg. Men våpensveinen vilde ikkje gjera det - han torde ikkje. Då tok Saul sverdet sitt og stupte seg på det;
  
5. og då våpensveinen såg at han slokna, stupte han seg og på sitt sverd og døydde.
  
6. Soleis døydde Saul og dei tri sønene hans og heile hans hus; dei let livet saman.
  
7. Og då alle dei Israels-mennene som budde i dalen, såg at dei hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut og rømde frå byane sine, og filistarane kom og slo seg ned der.
  
8. Dagen etter kom filistarane og vilde rana det dei falne hadde på seg. Då fann dei Saul og sønene hans liggjande på Gilboa-fjellet.
  
9. Dei rana alt han hadde på seg, og tok hovudet hans og våpni hans og sende bod ikring i Filistar-landet og kunngjorde fagnadtidendi for avgudane sine og for folket.
  
10. So la dei våpni hans gudshuset sitt, og hausen hans hengde dei upp i Dagons-templet.
  
11. Då heile Jabes i Gilead fekk spurt alt det filistarane hadde gjort med Saul,
  
12. drog dei i veg, alle som våpnføre var. Dei tok liki av Saul og sønene hans og førde dei til Jabes. Sidan jorda dei beini deira under terebinta i Jabes og heldt fasta i sju dagar.
  
13. Soleis laut Saul lata livet for di han hadde svike Herren og ikkje halde seg etter Herrens ord, og like eins for di han hadde spurt slike som mana fram daudingar og søkt råd hjå dei,
  
14. men ikkje søkt råd hjå Herren. Difor var det Herren laga det so at han døydde, og kongedømet vart flutt yver på David Isaison.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES