Bible Study: FrontPage




 

1 Krønikebok, Chapter 18

Bible Study - 1 Krønikebok 18 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Sidan vann David på filistarane og døyvde dei - han tok frå dei Gat med bygdene som låg ikring.
  
2. Moabitane vann han og på, og dei laut gjeva seg under han og svara skatt.
  
3. Like eins vann David på Hadadeser, kongen i Soba, som då var på veg til Frat-elvi og vilde styrkja veldet sitt der.
  
4. David tok ifrå han tusund vognhestar, sju tusund ridarar og tjuge tusund mann fotfolk; vognhestane skar han av hasane og sparde ikkje att meir enn hundrad av dei.
  
5. Syrarane frå Damaskus kom og vilde hjelpa Hadareser, kongen i Soba; men David felte tvo og tjuge tusund mann av heren deira.
  
6. Sidan la David hervakter i Damaskus-Syria, og syrarane laut gav seg under han og svara skatt. Soleis hjelpte Herren David kvar helst han for fram.
  
7. David tok dei gullskjoldane som Hadareser-mennene hadde bore, og førde dei til Jerusalem.
  
8. Og frå Tibhat og Kun, byane åt Hadareser, tok han med seg ovmykje kopar. Av det var det Salomo gjorde koparhavet og sulone og dei hine kopartingi.
  
9. Då To'u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde gjort ende på heile heren åt Hadadeser, Soba-kongen,
  
10. sende han Hadoram, son sin, til kong David - han skulde helsa på han og ynskja han til lukke med di han hadde vunne i striden mot Hadareser; for Hadareser hadde stødt lege i ufred med To'u. Han sende og alle slag eigneluter av gull og sylv og kopar.
  
11. Dei og helga kong David til Herren i hop med det sylvet og gullet han hadde teke frå alle hine heidning-folki: frå Edom og frå Moab og frå Ammons-borni og frå filistarane og frå amalekitane.
  
12. Det var Absai Serujason som slo edomitane i Saltdalen - dei var attan tusund mann.
  
13. So la han hervakter i Edom, og alle edomitane gav seg under David. Soleis hjelpte Herren David kvar helst han for fram.
  
14. So rådde no David yver heile Israel, og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt.
  
15. Joab Serujason var hovding yver heren, og Josafat Akiludsson var sogeskrivar.
  
16. Sadok Akitubsson og Akimelek Ebjatarsson var prestar og Savsa riksskrivar;
  
17. Benaja Jojadason var hovding yver livvakti, og Davids søner var dei fremste hjå kongen.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES