Bible Study: FrontPage




 

1 Krønikebok, Chapter 20

Bible Study - 1 Krønikebok 20 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Året etter, ved det leitet kongane plar fara i herferd, drog Joab ut med stridsheren og herja Ammonitar-landet. So kom han til Rabba, medan David sat heime i Jerusalem; og Joab tok Rabba og øydela byen.
  
2. Og David tok gullkruna åt kongen deira frå hovudet hans; det vart røynt ho vog eit talent, og ho var prydd med ein glimestein. No kom ho på Davids hovud. Uhorveleg mykje herfang tok han i byen og førde det med seg burt.
  
3. Folket som budde der, førde han ut og skar dei sund med sager og treskjesledar av jarn og hogg dei sund med øksar. So gjorde David med alle ammonitarbyane. So for han med alt herfolket heim att til Jerusalem.
  
4. Sidan bar det so til at det stod eit slag med filistarane ved Geser, og Sibbekai av Husa-ætti felte Sippai, som var ein av etterkomarane etter Rafa. Då vart dei døyvde.
  
5. So vart det ein ny strid med filistarane, og Elhanan Ja'ursson felte Lahmi, bror åt Goliat frå Gat, han som hadde eit spjot med eit skaft som storréven på ein vev.
  
6. Endå ein gong vart det ein strid ved Gat. Der var det ein kjempekar som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot - i alt fire og tjuge fingrar og tær; han og var ætta frå Rafa.
  
7. Han hædde Israel; men Jonatan, son åt Simea, som var bror åt David, hogg han ned.
  
8. Alle desse var ætta frå Rafa i Gat. Men David og mennene hans felte dei.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES