Bible Study: FrontPage




 

1 Krønikebok, Chapter 25

Bible Study - 1 Krønikebok 25 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. So skilde David og herhovdingane ut til gudstenesta ut sønene åt Asaf og Heman og Jedutun, som i profetisk eldhug* spela på citar og harpa og cymbel. No skal me rekna dei upp, dei mennene som hadde fenge denne tenesta:
  
2. Av Asafs-borni var det Sakkur og Josef og Netanja og Asarela, sønene hans Asaf. Asaf styrde sjølv songen, og spela i profetisk eldhug soleis som kongen hadde sagt fyre;
  
3. av Jedutun - Jedutuns-sønene -: Gedalja og Seri og Jesaja og Hasabja og Mattitja, seks* i talet; dei hadde citarar og Jedutun, far deira, styrde songen deira, og spela i profetisk eldhug til Herrens lov og pris;
  
4. av Heman, - Hemans-sønene -: Bukkia, Mattanja, Ussiel, Sebuel, Jerimot, Hananja, Hanani, Eliata, Giddalti og Romamti-Eser, Josbekasa, Malloti, Hotir og Mahasiot;
  
5. dei var alle søner åt Heman, han som var sjåaren åt kongen og kom til han med bod frå Gud; og Gud gav Heman fjortan søner og tri døtter, av di han vilde hevja upp hornet hans.
  
6. Alle desse greidde med songen i Herrens hus, kvar med far sin til styrar; dei spela på cymblar og harpor og citarar når det var tenesta i Guds hus, og Asaf og Jedutun og Heman styrde spelet etter fyresegn frå kongen.
  
7. Talet på dei, brørne deira medrekna - dei som var upplærde i songen for Herren, alle som hadde vunne meisterskap i kunsti - var tvo hundrad og åtte og åtti.
  
8. Dei kasta lut um yrket sitt alle saman, den minste som den største, meisteren som læresveinen.
  
9. Fyrste luten fall på Asaf, det vil segja på Josef; den andre vart Gedalja, han sjølv med brørne og sønene hans, tolv i talet;
  
10. den tridje vart Sakkur med sønene og brørne sine, tolv i talet;
  
11. den fjorde luten fall på Jisri med sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
12. den femte vart Netanja med sønene og brørne sine, tolv i talet;
  
13. den sette vart Bukkia og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
14. den sjuande vart Jesarela og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
15. den åttande vart Jesaja og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
16. den niande vart Mattanja og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
17. den tiande vart Sime'i og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
18. den ellevte vart Asarel og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
19. den tolvte luten fall på Hasabja med sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
20. den trettande vart Subael og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
21. den fjortande vart Mattitja og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
22. den femtande luten fall på Jeremot med sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
23. den sekstande vart Hananja og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
24. den syttande vart Josbekasa og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
25. den attande vart Hanani og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
26. den nittande vart Malloti og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
27. den tjugande vart Eliata og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
28. den ein og tjugande vart Hotir og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
29. den tvo og tjugande vart Giddalti og sønene og brørne hans, tolv i talet;
  
30. den tri og tjugande vart Mahasiot og sønene og brørne hans, tolv i talet,
  
31. den fire og tjugande vart Romamti-Eser og sønene og brørne hans, tolv i talet.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES