Bible Study: FrontPage




 

1 Korintierne, Chapter 13

Bible Study - 1 Korintierne 13 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Um eg talar med mennesketungor og engletungor, men hev ikkje kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølla.
  
2. Og um eg hev profetgåva og kjenner alle løyndomar og all kunnskap, og um eg hev all tru, so eg kann flytja fjell, men hev ikkje kjærleik, då er eg ingen ting.
  
3. Og um eg gjev til føda for fatige alt det eg eig, og um eg gjev min lekam til å verta brend, men hev ikkje kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.
  
4. Kjærleiken er langmodig, er velviljug; kjærleiken ovundast ikkje; kjærleiken briskar seg ikkje, blæs seg ikkje upp;
  
5. han gjer inkje usømeleg, søkjer ikkje sitt eige, illskast ikkje, gøymer ikkje på det vonde;
  
6. han gleder seg ikkje ved urettferd, men gleder seg ved sanning.
  
7. Alt lid han, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
  
8. Kjærleiken fell aldri burt; men anten det er profetgåvor, so skal dei få ende, eller tungor, so skal dei tagna, eller kunnskap, so skal han få ende.
  
9. For me skynar i stykkjevis og talar profetisk i stykkjevis;
  
10. men når det fullkomne kjem, då skal det som er i stykkjevis, få ende.
  
11. Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn; men då eg vart mann, la eg av det barnslege.
  
12. For no ser me i ein spegel, i ei gåta, men då skal me sjå åsyn til åsyn; no kjenner eg i stykkjevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg og fullt ut er kjend.
  
13. Men no vert dei verande desse tri: tru, von, kjærleik, og størst av dei er kjærleiken.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES