Bible Study: FrontPage




 

1 Korintierne, Chapter 2

Bible Study - 1 Korintierne 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og eg, brør, då eg kom til dykk, kom eg ikkje med meisterskap i ord eller i visdom og forkynte dykk Guds vitnemål.
  
2. For eg vilde ikkje vita noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.
  
3. Og eg var hjå dykk med vanstyrke og med otte og med mykje hjartebiv.
  
4. Og min tale og mi forkynning var ikkje med visdoms yvertalande ord, men med provføring av Ande og kraft,
  
5. so trui dykkar ikkje skulde vera grunna på menneskevisdom, men på Guds kraft.
  
6. Men visdom talar me hjå dei fullkomne, men ein visdom som ikkje høyrer denne verdi til eller herrane i denne verdi, dei som forgjengst;
  
7. nei, som ein løyndom; talar me Guds visdom, den dulde, som Gud frå ævelege tider hev etla til vår herlegdom,
  
8. Den ingen av herrane i denne verdi kjende; for hadde dei kjent han, so hadde dei ikkje krossfest herlegdoms-herren;
  
9. men som skrive stend: Det som auga ikkje såg og øyra ikkje høyrde, og som ikkje kom upp i menneskehjarta, det som Gud etla dei som elskar han.
  
10. Men for oss hev Gud openberra det ved sin Ande. For Anden ransakar alle ting, jamvel dyptene i Gud;
  
11. for kva menneske veit kva som bur i mennesket, utan menneskeåndi, som er i det? So veit heller ingen kva som bur i Gud, utan Guds Ande;
  
12. men me hev ikkje fenge den ånd som høyrer verdi til, men den Ande som er av Gud, so me skal kjenna det som er oss gjeve av Gud,
  
13. det som me talar um, ikkje med ord som menneskjeleg visdom lærer oss, men med ord som Anden lærer oss, med di me tyder åndelege ting med åndelege ord.
  
14. Men eit naturleg menneske tek ikkje mot det som høyrer Guds Ande til; for det er han ein dårskap, og han kann ikkje kjenna det, for det vert dømt åndeleg.
  
15. Men den åndelege dømer alt, men sjølv vert han dømd av ingen.
  
16. For kven kjende Herrens hug, so han kunde læra han? Men hev Kristi hug.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES