Bible Study: FrontPage




 

1 Korintierne, Chapter 6

Bible Study - 1 Korintierne 6 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Vågar nokon av dykk, når han hev sak mot ein annan, å søkja dom hjå dei urettferdige og ikkje hjå dei heilage?
  
2. Eller veit de ikkje at dei heilage skal døma verdi? Og dersom verdi vert dømd av dykk, er de då uverdige til å døma i dei minste saker?
  
3. Veit de ikkje at me skal døma englar, og då vel mykje meir timelege ting?
  
4. Når de då hev saker um timelege ting, so set de dei til domarar som er vanvyrde i kyrkjelyden!
  
5. Til skam for dykk segjer eg det. So finst det då ingen vis mann hjå dykk, ikkje ein einaste, som kann skilja tretta for bror sin?
  
6. Men bror fører sak mot bror, og det endå for vantruande domarar!
  
7. Det er no det heile eit tap for dykk at de hev saker med kvarandre. Kvi lid de ikkje heller urett? Kvi toler de ikkje heller uskil?
  
8. Men de gjer urett og uskil, og det endå mot brør!
  
9. Eller veit de ikkje at dei urettferdige ikkje skal erva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje lauslevande eller avgudsdyrkarar eller horkarar eller slike som let seg bruka til synd mot naturi, eller slike som sjølve gjer sovori synd,
  
10. eller tjuvar eller havesjuke eller drikkarar eller baktalarar eller røvarar skal erva Guds rike.
  
11. Og slike var sume av dykk; men de hev late dykk två, de er helga, de er rettferdiggjorde i Herren Jesu namn og i vår Guds Ande.
  
12. Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar; alt hev eg lov til, men eg skal ikkje lata noko få makt yver meg.
  
13. Maten er for magen, og magen for maten; og Gud skal gjera ende både på den eine og den andre. Men lekamen er ikkje for hor, men for Herren og Herren for lekamen;
  
14. og Gud vekte upp Herren og skal og vekkja oss upp ved si kraft.
  
15. Veit de ikkje at lekamen dykkar er Kristi lemer? Skal eg då taka Kristi lemer og gjera dei til lemer åt ei skjøkja? Langt ifrå!
  
16. Eller veit de ikkje at den som held seg til skjøkja, er EIN lekam med henne? For det er sagt: Dei tvo skal vera eitt kjøt.
  
17. Men den som held seg til Herren er ei ånd med han.
  
18. Fly hor! All synd som eit menneske kann gjera, er utanfor lekamen, men den som gjer hor, syndar imot sin eigen lekam.
  
19. Eller veit de ikkje at lekamen dykkar er eit tempel for den Heilage Ande, som bur i dykk, han som de hev frå Gud, og at de ikkje er dykkar eigne?
  
20. For de er dyrt kjøpte. Æra då Gud i dykkar lekam!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES