Bible Study: FrontPage




 

1 Korintierne, Chapter 8

Bible Study - 1 Korintierne 8 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Men vedkomande avgudsoffer, so veit me at me alle hev kunnskap. - Kunnskapen blæs upp, men kjærleiken byggjer upp.
  
2. Um nokon tykkjest kjenna noko, han hev aldri kjent noko soleis som ein skal kjenna det.
  
3. Men um nokon elska Gud, so er han kjend av han. -
  
4. Når det no gjeld det å eta kjøt av avgudsoffer, so veit me at ingen avgud i verdi er til, og at det finst ingen annan Gud enn ein.
  
5. For um det og er dei som vert kalla gudar, anten i himmelen eller på jordi - som det er mange gudar og mange herrar -
  
6. so finst det då for oss berre ein Gud, Faderen, som alle ting er av, og me til han, og ein Herre, Jesus Kristus, som alle ting er til ved, og me ved han.
  
7. Men den kunnskapen hev ikkje alle; sume gjer seg endå samvit for avguden skuld og et det som avgudsoffer, og etter di samvitet deira er veikt, vert det ureint.
  
8. Men mat gjev oss ikkje verd for Gud; korkje vinn me noko um me et, eller taper noko um me ikkje et.
  
9. Men sjå til at ikkje denne fridomen dykkar vert til støyt for dei veike!
  
10. For um nokon ser deg som hev kunnskap, sitja til bords i avgudshuset, vert då ikkje samvitet hjå han som er veik, tilstyrkt til å eta avgudsoffer?
  
11. Den veike vert då fortapt for din kunnskap skuld, den bror som Kristus døydde for!
  
12. Men når de soleis syndar mot brørne og sårar deira veike samvit, so syndar de mot Kristus
  
13. Difor dersom mat valdar at bror min fell, so vil eg i all æva ikkje eta kjøt, so eg ikkje skal valda at bror min fell.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES