1. Men David tenkte med seg: Ein dag kjem eg no like vel til å falla for Sauls hand; eg hev ikkje noko godt i vente. Eg vil røma til Filistar-landet; då lyt Saul halda upp å leita etter meg kring i heile Israels-riket, og eg slepp utor hendene hans.
2. So tok han ut med dei seks hundrad mann som fylgde han, og for yver til Akis Maoksson, kongen i Gat.
3. Og David vart buande i Gat, hjå Akis, både han og mennene hans, kvar med sin huslyd; sjølv hadde han båe konone sine med, Akinoam frå Jisre'el og Abiga'il frå Karmel, enkja etter Nabal.
4. Og då Saul fekk spurt at han hadde rømt til Gat, leita han ikkje etter han lenger.
5. Då det leid um eit bel, sa David til Akis: Kjære deg, hev du noko godvilje for meg, so lat meg få ein bustad i ein av landsbyane! Kvifor skal tenaren din bu hjå deg i kongestaden?
6. Då let Akis han same dagen få Siklag; difor hev Siklag høyrt Juda-kongane til alt til denne dag.
7. Det var i alt eitt år og fire månader David budde i Filistar-landet.
8. David og mennene hans drog jamleg ut i strid og herja på gesuritane og girsitane og amalekitane; det var dei folki som frå gamalt budde i det landet som rekk burtimot Sur og alt til Egyptar-landet.
9. Og kvar gong han herja i landet, let han korkje kar eller kvinna få leva; men småfe og storfe og asen og kamelar og klæde tok han med seg og for so heim att. Når han då kom til Akis,
10. og Akis spurde: De hev vel ikkje herja nokon stad i dag? svara han: Jau, i sudlandet, både millom Juda-mennene og millom jerahme'elitane og kenitane.
11. Det fanst ikkje mann eller kvinna som David let leva eller tok med seg til Gat; for han tenkte som so: Dei kunde fortelja eitkvart um oss og segja: So og so hev David gjort. Soleis for David åt all den tid han budde i Filistar-landet.
12. Men Akis trudde David vel og tenkte: Han hev visst fenge eit uord på seg hjå Israel, sitt eige folk, og no kjem han til å vera min mann for all tid.
|