1. Filistarane gjekk på i striden mot Israel. Israels-mennene rømde for dei, og det låg mange falne på Gilboa-fjellet.
2. Filistarane sette etter Saul og sønene hans og felte Jonatan og Abinadab og Malkisua, Sauls-sønene.
3. Striden vart hard ikring Saul; bogeskyttarane kom yver han, og han vart so redd skyttarane at han skalv.
4. Då sa han til våpensveinen sin: Drag sverdet ditt og renn det igjenom meg, so ikkje desse u-umskorne skal koma og stinga meg i hel og skamfara meg! Men våpensveinen vilde ikkje gjera det - han torde ikkje. So tok Saul sverdet sitt og stupte seg på det;
5. og då våpensveinen såg at han var slokna, stupte han seg og på sitt sverd og fylgde Saul i dauden.
6. Soleis døydde Saul og dei tri sønene hans og våpensveinen og alle mennene hans på ein og same dagen.
7. Og då Israels-mennene som budde på hi sida av dalen, og dei som budde på Jordan-sida, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut og rømde frå byane sine, og filistarane kom og slo seg ned der.
8. Dagen etter kom filistarane og vilde rana det dei falne hadde på seg. Då fann dei Saul og dei tri sønene hans liggjande på Gilboa-fjellet.
9. Dei hogg hovudet av han og rana våpni hans og sende dei ikring i Filistar-landet, alt medan dei bar ut fagnadbodet i avgudstempli deira og for folket.
10. Våpni hans la dei i Astarte-templet, og lekamen hengde dei upp på muren i Betsan.
11. Då mennene i Jabes i Gilead fekk spurt kva filistarane hadde gjort med Saul,
12. tok dei i veg, alle som våpnføre var, og gjekk heile natti; dei tok liki av Saul og sønene hans ned av muren i Betsan, for so til Jabes og brende dei der.
13. Beini deira tok dei og gravla under tamariska i Jabes, og sidan heldt dei fasta i sju dagar.
|