Bible Study: FrontPage




 

1 Timoteus, Chapter 2

Bible Study - 1 Timoteus 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. So påminner eg då framfor alle ting um at det vert gjort bøner, påkallingar, forbøner, takksegjingar for alle menneske,
  
2. for kongar og alle dei som er i yverrådande stand, so me kann leva eit stilt og roleg liv i gudlegdom og søma.
  
3. For dette er godt og tekkeleg for Gud, vår frelsar,
  
4. han som vil at alle menneske skal verta frelste og koma til å kjenna sanningi.
  
5. For det er EIN Gud og EIN millommann millom Gud og menneske, mennesket Kristus Jesus,
  
6. han som gav seg sjølv til løysepening for alle, eit vitnemål i si tid;
  
7. og for dette vart eg sett til forkynnar og apostel - eg segjer sanning, eg lyg ikkje - ein lærar for heidningane i tru og sanning.
  
8. Eg vil då at mennene på kvar stad skal beda so at dei lyfter heilage hender, utan vreide og tretta;
  
9. like eins og at kvinnone skal pryda seg med sømeleg klædnad, i blygd og æra, ikkje med flettingar og gull eller perlor eller dyr klædebunad,
  
10. men som det sømer seg kvinnor som vedkjenner seg gudlegdom, med gode gjerningar.
  
11. Ei kvinna skal lata seg læra i stilla, med all lydnad;
  
12. men eg gjev ikkje ei kvinna lov til å vera lærar eller å bjoda yver mannen, ho skal vera i stilla.
  
13. For Adam vart skapt fyrst, og so Eva;
  
14. og Adam vart ikkje dåra, men kvinna vart dåra og fall i misgjerning.
  
15. Men ho skal verta frelst gjenom si barneign, um dei vert standande i tru og kjærleik og helging med søma.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES