Bible Study: FrontPage




 

1 Timoteus, Chapter 4

Bible Study - 1 Timoteus 4 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Men Anden segjer klårleg at i dei komande tider skal sume falla frå trui og halda seg til dårande ånder og lærdomar av djevlar
  
2. ved hykling av falske lærarar, som er brennemerkte i sitt eige samvit,
  
3. som forbyd å gifta seg og påbyd å halda seg frå mat, den som Gud hev skapt til å verta motteken med takk av dei som trur og hev lært sanningi å kjenna.
  
4. For all Guds skapning er god, og inkje er til å vada når det vert motteke med takk;
  
5. for det vert helga med Guds ord og bøn.
  
6. Når du lærer brørne dette, so er du ein god Kristi Jesu tenar, med di du vert uppfødd med ordi av trui og den gode lærdomen som du hev fylgt.
  
7. Men vis frå deg dei vanheilage kjerringslege eventyr, men tèm deg derimot upp i gudlegdom!
  
8. For den lekamlege tamen er gagnleg til lite, men gudlegdom er gagnleg til alt; han hev lovnad for det livet som no er, og for det som kjem.
  
9. Det ordet er truverdig og all fagning verdt.
  
10. For difor arbeider me og lid hæding, for di me hev sett vår von til den levande Gud, som er frelsar for alle menneske, mest for dei som trur.
  
11. Dette skal du bjoda og læra.
  
12. Lat ingen vanvyrda deg for din ungdom, men ver eit fyredøme for dei truande i tale, i ferd, i kjærleik, i tru, i reinleik!
  
13. Legg vinn på fyrelesnaden, på påminningi, på læra, til dess eg kjem!
  
14. Vanskøyt ikkje den nådegåva som er i deg, som vart deg gjevi ved profetord med handpåleggjing av dei eldste!
  
15. Tenk på dette, lev i dette, so din framgang kann vera kunnig for alle!
  
16. Gjev akt på deg sjølv og på læra, haldt ved med det! for når du det gjer, skal du frelsa både deg sjølv og dei som høyrer deg.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES