Bible Study: FrontPage




 

2 Krønikebok, Chapter 11

Bible Study - 2 Krønikebok 11 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Då Rehabeam kom til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamins-ætti, hundrad og åtti tusund utvalde hermenner; dei skulde strida mot Israels-mennene og vinna riket att for Rehabeam.
  
2. Då kom Herrens ord til Semaja, gudsmannen, og det lydde so:
  
3. Seg til Rehabeam Salomoson, kongen i Juda, og til alle Israels-menner i Juda og Benjamin:
  
4. So segjer Herren: De skal ikkje draga upp og strida mot brørne dykkar. Far heim att kvar til sitt hus! For det som hev hendt, er kome frå meg. Då lydde dei Herrens ord; dei vende um og drog ikkje mot Jeroboam.
  
5. Rehabeam vart buande i Jerusalem, og han bygde mange av byane i Juda-riket um til borger.
  
6. Både Betlehem og Etam og Tekoa
  
7. og Bet-Sur og Soko og Adullam
  
8. og Gat og Maresa og Sif
  
9. og Adora'im og Lakis og Aseka
  
10. og Sor'a og Ajalon og Hebron, som alle låg i Juda- og Benjamins-landet, bygde han um til borger.
  
11. Han gjorde borgene sterke og sette inn hovdingar i dei og samla der nøgdi av matvaror og olje og vin.
  
12. Like eins skipa han upplag av skjoldar og spjot i dei alle, by for by, og gjorde dei soleis ovleg sterke.
  
13. Prestane og levitane i heile Israels-landet kom frå alle bygdene sine og gav seg under han.
  
14. For levitane drog burt ifrå bumarkene sine og eigedomen sin og flutte til Juda-landet og Jerusalem, av di Jeroboam og sønene* hans dreiv dei ut or prestetenesta for Herren,
  
15. og han sette andre menner til prestar for offerhaugane og for trollbukkane* og for dei kalvane som han hadde laga.
  
16. Og med dei* fylgde or alle Israels-fylki dei som la sin hug på å søkja Herren, Israels Gud; dei kom til Jerusalem og vilde ofra til Herren, sin fedre-Gud.
  
17. Dei styrkte Juda-riket og trygde kongedømet for Rehabeam Salomoson i tri år; for i tri år heldt dei fram etter same vegen som David og Salomo hadde fylgt.
  
18. Rehabeam tok seg ei kona umfram Mahalat, dotter åt Jerimot Davidsson; det var Abiha'il, dotter åt Eliab Isaison.
  
19. Med henne fekk han sønene Je'us og Semarja og Saham.
  
20. Sidan tok han Ma'aka Absalomsdotter til kona; med henne fekk han Abia og Attai og Sisa og Selomit.
  
21. Rehabeam heldt meir av Ma'aka Absalomsdotter, enn av alle dei hine konone og fylgjekonone sine - for han hadde teke seg attan konor og seksti fylgjekonor og vart far til åtte og tjuge søner og seksti døtter -.
  
22. Rehabeam sette Abia, son åt Ma'aka, til hovding og fyrste millom brørne hans; av di han var meint på å gjera han til konge.
  
23. Men samstundes for han so viseleg åt at han let alle sønene sine bu rundt ikring i heile Juda- og Benjamins-landet - i alle dei faste byane - og sytte for at dei hadde flust til å leva av, og at dei fekk seg ei mengd med konor.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES