Bible Study: FrontPage




 

2 Krønikebok, Chapter 13

Bible Study - 2 Krønikebok 13 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. I attande året av Jeroboams kongedøme vart Abia konge yver Juda-riket.
  
2. Han sat konge i Jerusalem i tri år. Mor hans heitte Mikaja; ho var dotter åt Uriel og var frå Gibea. Millom Abia og Jeroboam var det ufred.
  
3. Abia byrja ufreden med ein stridsher av djerve herkjempor, fire hundrad tusund utvalde menner; men Jeroboam fylkte imot han ein her på åtte hundrad tusund utvalde menner, som og var djerve herkjempor.
  
4. Abia gjekk upp på Semara'im-fjellet, som høyrer til i Efra'ims-fjelli, og steig fram og sa: Høyr på meg, Jeroboam og heile Israel!
  
5. De veit då visst at Herren, Israels Gud, gjorde ei saltpakt* med David og gav han og etterkomarane hans kongedømet yver Israel for æveleg tid.
  
6. Men Jeroboam Nebatsson, ein av tenarane åt Salomo Davidsson, gjorde uppreist mot herren sin.
  
7. Det samla seg kring han ein flokk lause karar og vonde menneske, og dei tok til å trassast med Rehabeam Salomoson; og Rehabeam var ung og modlaus og kunde ikkje standa seg imot dei.
  
8. Og no tenkjer de at de kann standa dykk mot Herrens kongedøme, som Davids-sønene hev i hende, for di de er ein stor hop og hev gullkalvane hjå dykk, dei som Jeroboam let gjera so dei skulde vera gudar for dykk.
  
9. Hev de ikkje jaga burt Herrens prestar, Arons-sønene, og levitane og sjølve gjort dykk prestar liksom folki i heidninglandi? Kven som kjem og vil fylla handi si* og hev med ein ukse og sju verar, han vert prest for desse gudane som ikkje er gudar.
  
10. Men vår Gud er Herren; me hev ikkje vendt oss frå han. Arons-sønene er prestar og gjer tenesta for Herren, og levitane greider arbeidet sitt;
  
11. kvar morgon og kvar kveld brenner dei brennoffer og angande røykjelse for Herren og legg fram skodebrødi på det bordet som er av reint gull; dei steller gull-ljosestaken og lampone hans og kveikjer dei kvar kveld. Me hev umsut for det som Herren vil me skal hava umsut for; men de hev vendt dykk frå han.
  
12. Gud er visseleg med oss; han er føraren vår og me hev prestane hans med stridslurane - dei skal blåsa til strid mot dykk. Israels-born, strid ikkje mot Herren, dykkar fedre-Gud! For det kjem ikkje til å lukkast for dykk!
  
13. Medan let Jeroboam ein umsåtflokk svinga kringum, so dei kom bakpå Juda-heren; soleis stod dei sjølve* midt framfor Juda-mennene, og umsåtflokken attanfor dei,
  
14. og då Juda-mennene snudde seg, fekk dei sjå fienden både framanfor seg og attanfor seg. Då ropa dei til Herren; prestane bles i lurane,
  
15. og Juda-mennene sette i eit høgt rop. Som no herropet frå Juda-mennene ljoma, laga Gud det so at Jeroboam og heile Israel tapte for Abia og Juda-heren.
  
16. Israels-borni rømde for Juda-mennene, og Gud gav dei i deira vald.
  
17. Abia og herfolket hans valda stort mannefall millom dei - fem hundrad tusund utvalde menner av Israel låg drepne på slagmarki.
  
18. Soleis vart Israels-borni den gongen døyvde, men Juda-borni styrktest, av di dei sette lit til Herren, sin fedre-Gud.
  
19. Abia elte Jeroboam og tok ifrå han byane Betel og Jesana og Efron, alle med grendene som høyrde til.
  
20. Jeroboam hadde ingi makt meir so lenge Abia levde, og Herren råma han so han døydde.
  
21. Men Abia vann stor makt. Han tok seg fjortan konor og fekk tvo og tjugeto søner og sekstan døtter.
  
22. Det som elles er å fortelja um Abia, um åtferdi hans og det han tok seg fyre, det stend skrive i sogeboki åt Iddo, profeten.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES