Bible Study: FrontPage




 

2 Krønikebok, Chapter 19

Bible Study - 2 Krønikebok 19 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Josafat, Juda-kongen, for med heilo heim att til Jerusalem.
  
2. Då gjekk Jehu Hananison, sjåaren, ut imot han og sa til han - til kong Josafat -: Skal ein hjelpa den gudlause, og skal du halda av dei som hatar Herren? For dette kviler det vreide frå Herren på deg.
  
3. Like vel er det funne noko godt hjå deg; for du hev rudt ut Astarte-bileti or landet og lagt hugen din på å søkja Gud.
  
4. Josafat drygde no ei tid i Jerusalem, men sidan for han på nytt lag ikring millom folket, frå Be'erseba og til Efra'ims-fjelli, og førde dei attende til Herren, deira fedre-Gud.
  
5. Han sette inn domarar i landet - i alle dei faste byane i Juda-riket, by for by -
  
6. og sa til domarane: Akta vel på det de gjer! For de dømer ikkje for menneske, men for Herren, og han er hjå dykk kvar gong de segjer ein dom.
  
7. So lat då otte for Herren vera yver dykk! Ver varsame i all dykkar ferd og gjerd! For hjå Herren vår Gud finst det ingen urett; ikkje gjer han skil på folk og ikkje tek han mutor.
  
8. I Jerusalem og sette Josafat nokre av levitane og prestane og av Israels ættehovdingar til å døma i Herrens saker og i rettstrettor; for dei* var komne heim att til Jerusalem.
  
9. Og han gav dei dette bodet: So skal de gjera med age for Herren, i truskap og med heilt hjarta:
  
10. Kvar gong det vert lagt ei rettssak fyre dykk av brørne dykkar, som bur rundt ikring i byane sine - anten det no er ei dråpssak, eller det gjeld lov og bod, vedtekter og fyresegner - då skal de vara dei åt, so dei ikkje syndar mot Herren, og det kjem vreide yver dykk og brørne dykkar! So lyt de gjera; elles kjem de til å føra skuld yver dykk.
  
11. Men Amarja, øvstepresten, skal vera formannen i alle saker som soknar under Herren, og Sebadja Ismaelsson, fyrsten for Juda-ætti, i alle saker som soknar under kongen; og levitane skal vera tilsynsmenner under dykk. Gakk då hugheilt til verket! Herren vere med den som gjer det som rett er!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES