Bible Study: FrontPage




 

2 Krønikebok, Chapter 21

Bible Study - 2 Krønikebok 21 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. So for Josafat til federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i Davids-staden. Joram, son hans, vart konge etter han.
  
2. Han hadde nokre brør, søner åt Josafat; dei heitte Asarja og Jehiel og Sakarja og Asarja og Mikael og Sefatja; alle desse var søner åt Josafat, kongen i Israel.
  
3. Far deira hadde gjeve dei mange gåvor: sylv og gull og dyre eigneluter og attåt det faste byar i Juda-landet; men kongedømet hadde han gjeve til Joram; for han var den eldste.
  
4. Då so Joram hadde stige upp på kongsstolen åt far sin og hadde trygt makti si, drap han alle brørne sine med sverdet og like eins nokre av Israels hovdingar.
  
5. Joram var tvo og tretti år gamal då han tok styret, og han sat åtte år konge i Jerusalem.
  
6. Han fylgde same vegen som Israels-kongane og for like eins åt som Akabs hus; for han hadde ei dotter åt Akab til kona; og han gjorde det som Herren mislika.
  
7. Men Herren vilde ikkje øyda ut Davids hus for den pakti skuld som han hadde gjort med David, og etter di han hadde lova at han alltid skulde lata ei lampa brenna for han og sønene hans.
  
8. I hans tid reiv Edom seg laus frå Juda og tok seg ein konge.
  
9. Då drog Joram dit med hovdingane sine og hadde alle stridsvognene med seg. Og han tok ut um natti og slo Edoms-mennene, som hadde kringsett han og hovdingane for vognheren.
  
10. Soleis kom edomitane seg laus frå Juda-riket, og sidan hev dei vorte frie alt til denne dag. Den gongen - på same tidi - fall Libna og ifrå han, for di han hadde vendt seg frå Herren, sin fedre-Gud.
  
11. Han bygde og upp offerhaugar i Juda-fjelli og lokka Jerusalems-buane til ulivnad* og førde Juda-folket burt frå rette vegen.
  
12. Då kom det eit skriv til han frå profeten Elias, og der stod det: So segjer Herren, Gud åt David, far din: For di du ikkje hev fare etter dei vegane som Josafat, far din, og Asa, Juda-kongen, for etter,
  
13. men hev fylgt same vegen som Israels-kongane og lokka Juda-folket og Jerusalems-buane til ulivnad på same vis som Akabs hus lokka folk til ulivnad, og endå til hev drepe brørne dine, som var søner åt din eigen far og var betre enn du,
  
14. so vil Herren no lata eit hardt slag råma folket ditt og sønene dine og konone dine og alt som ditt er,
  
15. og sjølv skal du verta råma av ein svær sjukdom, ein sjukdom i livet, som vert so strid at innvolen din etter år og dag fell ut.
  
16. So eggja Herren upp filistarane og dei arabarane som bur jamsides med etiopane, so dei vart vonde på Joram;
  
17. dei gjorde ei herferd mot Juda-riket og braut seg inn i landet og førde med seg burt alle eigneluter som fanst i huset åt kongen, og jamvel sønene og konone hans, so han ikkje hadde att nokon son utan Joakas*, som var den yngste av sønene hans.
  
18. Etterpå alt dette råma Herren han med ein ulækjande sjukdom i livet,
  
19. og det bar so til at etter år og dag - då tvo år var lidne - valde sjukdomen at innvolen hans fall ut, og han døydde i harde lidingar. Folket hans kveikte ikkje nokon eld for han, som dei hadde gjort for federne hans.
  
20. Han var tvo og tretti år gamal då han tok styret konge, og han sat åtte år konge i Jerusalem. So for han burt, og ingen sakna han. Dei gravla han i Davids-staden, men ikkje i kongegravene.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES