|
|
2 Krønikebok, Chapter 27
1. Jotam var fem og tjuge år gamal då han tok kongsmann, og han sat sekstan år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Jerusa og var dotter åt Sadok.
2. Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og for i alle måtar åt som Ussias, far hans, hadde gjort, so nær som at han ikkje gjekk inn i Herrens heilagdom*. Men folket heldt ved og gjorde det som vondt var.
3. Det var han som bygde øvre porten til Herrens hus, og på Ofelmuren bygde han og so det munna.
4. Han bygde upp byar i Juda-fjelli og i skogane bygde han borger og tårn.
5. Han stridde mot Ammons-borni og kongen deira og vann yver dei, so at Ammons-borni det året laut gjeva han hundrad talent sylv og ti tusund kor kveite og ti tusund kor bygg; og same skatten laut dei svara andre og tridje året og.
6. Soleis vann Jotam stor makt, av di han stendigt ferdast for åsyni åt Herren sin Gud.
7. Det som meir er å segja um Jotam, um alle krigane hans og alt han tok seg fyre, det stend skrive i boki um Israels- og Juda-kongane.
8. Han var fem og tjuge år gamal då han tok kongsnamn, og sat sekstan år konge i Jerusalem.
9. So for Jotam til federne sine, og dei gravla han i Davids-staden, og Akas, son hans, vart konge etter han.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|