Bible Study: FrontPage




 

2 Krønikebok, Chapter 33

Bible Study - 2 Krønikebok 33 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Manasse var tolv år gamal då han fekk kongsnamn, og han sat konge i Jerusalem i fem og femti år.
  
2. Han gjorde det som Herren mislika, og fylgde dei avstyggelege skikkane åt dei heidningfolki som Herren hadde drive burt frå Israels-borni.
  
3. Han bygde upp att offerhaugane som Esekias, far hans, hadde rive ned, og reiste altar for Ba'alane og laga Astarte-bilete, og han tilbad og dyrka heile himmelheren.
  
4. Han bygde altar i Herrens hus, endå Herren hadde sagt: I Jerusalem skal namnet mitt bu til æveleg tid.
  
5. For heile himmelheren bygde han altar i båe fyregardane til Herrens hus.
  
6. Han let sønene sine ganga gjenom elden i Hinnomssons-dalen og for med spåkunster og varseltyding og trolldom og leigde folk som mana fram daudingar og spåvette; han gjorde mykje som Herren mislika, so han vekte hans vreide.
  
7. Det utskorne biletet som han hadde gjort, sette han i Guds hus, som Gud hadde sagt DET um til David og Salomo, son hans: I dette huset og i Jerusalem, som eg hev valt ut or alle Israels fylke, vil eg lata namnet mitt bu i all æva,
  
8. og eg vil aldri meir lata Israel fara heimlaus burt frå det landet eg etla fedrane deira - so sant dei berre legg vinn på å gjera alt det eg hev sett dei fyre, etter heile den lovi og alle dei bodi og fyresegnene dei fekk gjenom Moses.
  
9. Men Manasse førde Juda- og Jerusalems-folket på avveg, so dei gjorde endå meir vondt enn dei heidningfolki som Herren hadde rudt ut for Israels-borni.
  
10. Herren tala til Manasse og folket hans, men dei akta ikkje på det.
  
11. Difor let Herren herhovdingane åt assyrarkongen koma yver dei, og dei fanga Manasse med krokar og batt han med tvo koparlekkjor og førde han til Babel.
  
12. Men då han var stadd i naud, søkte han nåde hjå Herren sin Gud og audmykte seg djupt framfor sin fedre-Gud.
  
13. Og då han bad til Herren, let han seg beda; han høyrde den audmjuke bøni hans og let han få koma heim att til Jerusalem og få att riket sitt. Då sanna Manasse at det er Herren som er Gud.
  
14. Sidan bygde Manasse ein utmur for Davidsstaden vestanfor Gihon i dalen og til inngangen gjenom Fiskeporten; han let muren ganga ikring Ofel og gjorde han munaleg høg. I alle dei faste byane i Juda-riket sette han herhovdingar.
  
15. So hadde han burt or Herrens hus dei framande gudane og avgudsbiletet og alle altari han hadde reist på det fjellet der Herrens hus stod, og i Jerusalem, og kasta dei ut or byen.
  
16. Han reiste upp att Herrens altar og ofra takkoffer og lovoffer på det, og han sa til Juda-folket at dei skulde tena Herren, Israels Gud.
  
17. Sidan heldt vel folket heldt ved og ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud.
  
18. Det som meir er å segja um Manasse og bøni hans til sin Gud og dei ordi sjåarane tala til han i namnet åt Herren, Israels Gud, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.
  
19. Og bøni hans og korleis han vart bønhøyrd, og all syndi og utruskapen hans og dei stadene der han bygde offerhaugar og sette upp Astarte-bileti og dei utskorne bileti, fyrr han audmykte seg, det er det skrive um i krønikeboki åt Hosai.
  
20. So for Manasse til federne sine, og dei gravla han i huset hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.
  
21. Amon var tvo og tjuge år gamal då han tok styret, og han sat tvo år konge i Jerusalem.
  
22. Han gjorde det som Herren mislika, liksom Manasse, far hans, hadde gjort; alle dei utskorne bileti som Manasse, far hans, hadde late gjera, dei ofra Amon til og dyrka dei.
  
23. Men han audmykte seg ikkje for Herren, som Manasse, far hans, hadde gjort. Han - Amon - auka heller syndeskuldi endå meir.
  
24. Mennene hans Amon svor seg saman mot han og drap han i hans eige hus.
  
25. Men landslyden hogg ned alle dei som hadde svore seg saman mot kong Amon, og so tok dei Josias, son hans, til konge i staden hans.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES