Bible Study: FrontPage




 

2 Krønikebok, Chapter 35

Bible Study - 2 Krønikebok 35 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. So heldt Josias påskehelg for Herren i Jerusalem, og fjortande dagen i fyrste månaden slakta dei påskelambet.
  
2. Han sette prestane inn i embeti deira og styrkte dei til tenesta i Herrens hus.
  
3. Og han sa til levitane, som var lærarar for heile Israel, og som var helga til Herren: Set den heilage kista i det huset som Salomo Davidsson, Israels konge, hev bygt. Det tarv ikkje bera noko på herdane meir. Ten no Herren dykkar Gud og Israel, folket hans!
  
4. Gjer dykk reiduge etter ættgreinene dykkar, i skifti dykkar, so som David, Israels konge, og Salomo, son hans, hev fyreskrive,
  
5. og stell dykk upp i heilagdomen etter ættgrein-flokkane åt brørne dykkar - ålmugen - soleis at det på kvar ættgrein-flokk kjem ein hop av ei levit-ættgrein!
  
6. So skal de slakta påskelambet, helga dykk og laga det til for brørne dykkar - det skal gjera som Herren hev sagt fyre gjenom Moses.
  
7. Josias gav ålmugen småfe tretti tusund småkrøter - lamb og kje - alt saman til påskeoffer for alle som var der, og like eins tri tusund naut; alt det gav kongen av eigedomen sin.
  
8. Og hovdingane hans gav friviljugt gåvor til folket, prestane og levitane; Hilkias og Sakarja og Jehiel, forstandarane for Guds hus, gav prestane tvo tusund seks hundrad småkrøter til påskeoffer og tri hundrad naut.
  
9. Og Konanja og Semaja og Netanel, brørne hans, og Hasabja og Je'iel og Josabad, dei øvste av levitane, gav levitane fem tusund småkrøter til påskeoffer og fem hundrad naut.
  
10. Soleis kom gudstenesta i sitt rette lag, og prestane stod på staden sin og like eins levitane etter skifti sine, soleis som kongen hadde sagt fyre.
  
11. Dei* slakta påskelambi, og prestane tok imot blodet og skvette det, og levitane flådde.
  
12. So skilde dei ifrå brennofferet*, og gav det til ålmugen etter ættgrein-flokkane deira, so dei kunde bera det fram for Herren, soleis som fyreskrive er i Moseboki; og sameleis for dei åt med storfeet.
  
13. Påskelambet steikte dei yver elden, som fyreskrive var, og offerkjøtet* koka dei i grytor og kjelar og pannor og bar det snøgt kring til heile ålmugen.
  
14. Sidan laga dei det til åt seg sjølve og prestane; for prestane - Arons-sønene - heldt på med å ofra feittstykki av brennofferi til det leid på natti; difor laga levitane det til åt seg sjølve og prestane, Arons-sønene.
  
15. Songarane, Asafs-sønene, stod på staden sin, soleis som David og Asaf og Heman og Jedutun, sjåaren åt kongen, hadde sagt fyre, og portvaktarane ved kvar sin port; dei trong ikkje ganga frå tenesta si; for brørne deira, dei andre levitane, laga til åt dei.
  
16. Soleis kom heile Herrens tenesta i sitt rette lag den dagen, og dei heldt påskehelg og bar fram brennoffer på Herrens altar, soleis som kong Josias hadde sagt fyre.
  
17. Dei Israels-borni som var med, høgtida den gongen påskehelgi og usyrdebrødhelgi i sju dagar.
  
18. Ei påskehelg som denne hadde ikkje vore haldi i Israel sidan den tidi då Samuel, profeten, levde, og ingen av Israels kongar hadde halde ei sovori påskehelg som den Josias no høgtidi saman med prestane og levitane og dei Israels-mennene som var der, og Jerusalems-buane.
  
19. Det var ikkje fyrr i attande året av Josias' kongedøme at ei sovori påskehelg vart haldi.
  
20. Ei tid etter at alt dette hadde gjenge fyre seg, og då Josias hadde fenge Guds hus i rett stand, gjorde Neko, kongen i Egyptar-land, ei herferd til Karkemis ved Frat. Og Josias drog ut imot han.
  
21. Då sende Neko bod til han og let segja: Kva vil du meg, Juda-konge? Det er ikkje mot deg eg kjem i dag, men mot det kongehuset som eg stødt ligg i strid med*, og Gud hev sagt at eg skal skunda meg. Lat vera å trassa Gud! Han er med meg. Stell deg ikkje so at han lyt tyna deg!
  
22. Men Josias vilde ikkje draga seg attende; han klædde seg ut og vilde strida - han lydde ikkje etter Nekos ord, som kom frå Guds munn, men drog frametter til det bar i hop med dei i Megiddodalen.
  
23. Då råma bogeskyttarane kong Josias, og kongen sa til sveinane sine: Før meg burt! Eg er hardt såra.
  
24. So lyfte sveinane han ned av vogni og flutte han yver i ei onnor vogn som han hadde med seg, og køyrde han til Jerusalem. Der døydde han. Han vart nedsett i gravstaden åt federne sine, og heile Juda og Jerusalem syrgde på Josias.
  
25. Jeremias kvad eit syrgjekvede um Josias, og alle songarane og songmøyane tala um Josias i syrgjekvedi sine, og det hev dei gjort til denne dag. Det vart sed i Israel å syngja desse kvedi, og dei finst uppskrivne millom syrgjekvedi.
  
26. Det som meir er å segja um Josias og godverki han gjorde, i samhøve med det som stend skrive i Herrens lov -
  
27. alt som er å segja um han, frå fyrst til sist, det stend skrive i boki um Israels- og Juda-kongane.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES