Bible Study: FrontPage




 

2 Korintierne, Chapter 13

Bible Study - 2 Korintierne 13 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Det er no tridje gongen eg kjem til dykk. Ved vitnemål frå tvo og tri skal kvar sak standa fast.
  
2. Eg hev sagt det fyreåt og segjer det fyreåt, liksom då eg var nærverande andre gongen, soleis og no då eg er fråverande, til dei som fyrr synda, og til alle andre at når eg no kjem att, vil eg ikkje spara -
  
3. sidan de krev eit prov på at Kristus talar i meg, han som ikkje er vanmektig hjå dykk, men er sterk imillom dykk.
  
4. For um han og vart krossfest i vanmakt, so lever han i Guds kraft; for me og er vanmektige i han, men me skal leva med han i Guds kraft hjå dykk.
  
5. Ransaka dykk sjølve um de er i trui; prøv dykk sjølve! Eller kjenner de ikkje dykk sjølve at Jesus Kristus er i dykk? - utan so er at de ikkje held prøva.
  
6. Men eg vonar at de skal få kjenna at me ikkje er dei som ikkje held prøva.
  
7. Men me bed til Gud at de ikkje må gjera noko vondt, ikkje for di at det skal syna seg at me held prøva, men at de skal gjera det gode, me derimot standa som dei som ikkje held prøva;
  
8. for me kann ikkje noko imot sanningi, men berre for sanningi.
  
9. For me gleder oss når me er vanmektige, men de sterke; dette bed me og um, at de må verta fullkomne.
  
10. Difor skriv eg dette medan eg er fråverande, so eg, når eg er nærverande, ikkje skal turva fara strengt fram etter den makt som Herren hev gjeve meg til uppbyggjing, ikkje til nedriving.
  
11. Elles, brør, gled dykk, vert fullkomne, lat dykk påminna, ver samlyndte, haldt fred med kvarandre, so skal kjærleiken og fredsens Gud vera med dykk.
  
12. Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle dei heilage helsar dykk.
  
13. Herren Jesu Kristi nåde og Guds kjærleik og den Heilage Andens samfund vere med dykk alle!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES