Bible Study: FrontPage




 

2 Korintierne, Chapter 2

Bible Study - 2 Korintierne 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Men for mi eigi skuld og sette eg meg fyre at eg ikkje atter vilde koma til dykk med sorg.
  
2. For um eg gjer dykk sorg, kven er det då som gjer meg glad, utan den som eg gjer sorg?
  
3. Og just difor var det eg skreiv, so eg ikkje, når eg kom, skulde få sorg av dei som eg skulde hava gleda av; for eg hev den tiltru til dykk alle at mi gleda er gleda for dykk alle.
  
4. For i myki trengsla og hjartans tyngsla skreiv eg dykk til med mange tåror ikkje for di at de skulde få sorg, men at de skulde kjenna den kjærleiken som eg serleg hev til dykk.
  
5. Men um nokon hev gjort sorg, so er det ikkje meg han hev gjort sorg, men til deils - at eg ikkje skal vera for hard - dykk alle.
  
6. Det er nok for han med den refsingi han hev fenge av dei fleste,
  
7. so at de heller må tilgjeva og trøysta han, so han ikkje skal ganga under i endå tyngre sorg.
  
8. Difor bed eg dykk at de må lata kjærleik råda mot han.
  
9. For difor var det og eg skreiv, at eg skulde få vita um de held prøva, um de er lydige i alt.
  
10. Men den som de tilgjev, han tilgjev eg og. For det eg hev tilgjeve - um eg hev havt noko å tilgjeva - det hev eg gjort for dykkar skuld, for Kristi åsyn, so me ikkje skal verta dåra av Satan;
  
11. for me er ikkje uvitande um hans råder.
  
12. Då eg kom til Troas for Kristi evangelium skuld, og ei dør var opna for meg i Herren, hadde eg ikkje ro i mi ånd, av di eg ikkje fann Titus, bror min,
  
13. men eg bad farvel med dei og for til Makedonia.
  
14. Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigerferd i Kristus og ved oss openberrar angen av kunnskapen um han på kvar stad!
  
15. For me er Kristi huglege ange for Gud, millom dei som vert frelste, og millom dei som vert fortapte,
  
16. for desse ein ange av daude til daude, for hine ein ange av liv til liv. Og kven er vel dugleg til dette?
  
17. For me er ikkje slike som dei mange, at me forfalskar Guds ord til eigi vinning; men som i reinleik, ja som av Gud, talar me for Guds åsyn i Kristus.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES