Bible Study: FrontPage




 

2 Johannes, Chapter 1

Bible Study - 2 Johannes 1 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Den eldste - til den utvalde frua og borni hennar, som eg elskar i sanning, og ikkje berre eg, men alle dei med som hev lært å kjenna sanningi,
  
2. for den sannings skuld som vert verande i oss og skal vera med oss til æveleg tid:
  
3. Nåde, miskunn, fred skal vera med oss frå Gud Fader og frå Jesus Kristus, Faderens Son, og i sanning og kjærleik.
  
4. Eg hev gledt meg storleg yver at eg hev funne nokre av borni dine som ferdast i sanning, so som me fekk påbod av Faderen.
  
5. Og no bed eg deg, frua, ikkje som um eg skreiv deg eit nytt bod, men det som me hadde frå upphavet: at me skal elska kvarandre.
  
6. Og dette er kjærleiken at me ferdast etter hans bod. Dette er bodet, so som de høyrde det frå upphavet, at de skal ferdast etter det.
  
7. For mange forførarar hev gjenge ut i verdi, som ikkje sannar at Jesus er Kristus komen i kjøt; dette er forføraren og Antikrist!
  
8. Vara dykk at de ikkje skal missa det de hev vunne med arbeidet dykkar, men at de må få full løn!
  
9. Kvar den som gjeng på avveg og ikkje held ved i Kristi læra, hev ikkje Gud; den som held ved i læra, han hev både Faderen og Sonen.
  
10. Dersom det kjem nokon til dykk og ikkje fører denne læra, so tak han ikkje inn i huset, og bjod han ikkje velkomen!
  
11. for den som byd han velkomen, vert medskuldig med han i hans vonde verk.
  
12. Endå eg hev mykje å skriva til dykk, vil eg ikkje gjera det med papir og blekk; men eg vonar å koma til dykk og tala munnleg med dykk, so gleda vår kann verta fullkomi.
  
13. Borni åt di utvalde syster helsar deg.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES