Bible Study: FrontPage




 

2 Kongebok, Chapter 1

Bible Study - 2 Kongebok 1 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Etter Akab var avliden, sa Moab seg laus frå Israel.
  
2. Ein dag datt Akasja ut gjenom grindi som var framanfor vindauga i høgstova hans i Samaria, og vart liggjande sjuk. Då sende han nokre menner av stad og sa til dei: Gakk og spør Ba'al-Sebub, Ekron-guden, um eg skal koma meg av denne sjukdomen!
  
3. Men Herrens engel tala so til Elias frå Tisbe: Gjer deg reidug og gakk til møtes med dei mennene som kongen i Samaria hev sendt i veg, og seg til dei: Er det då slett ingen Gud i Israel sidan de skal av og spyrja Ba'al-Sebub, Ekron-guden?
  
4. Difor segjer Herren so: Du skal ikkje stiga ned av den sengi du hev stige upp i; du skal døy. So gjekk Elias i veg.
  
5. Då dei mennene som kongen hadde sendt i veg, kom attende til han, sa han til dei: Kvifor kjem de alt att?
  
6. Dei svara: Det kom ein mann til møtes med oss og sa til oss: Gakk attende til kongen som hev sendt dykk i veg, og seg til han: Er det då slett ingen Gud i Israel sidan du sender bod og spør etter Ba'al-Sebub, Ekron-guden? Difor skal du ikkje stiga ned av den sengi du hev stige upp i; du skal døy.
  
7. Kongen spurde: Korleis såg han ut den mannen som møtte dykk og tale soleis til dykk?
  
8. Dei svara: Han var klædd i ein loden kjole og hadde eit lerbelte kring livet. Då sa kongen: Det var Elias frå Tisbe.
  
9. So sende han hovding med femti hersveinar til han. Då hovdingen kom upp til Elias - han sat på toppen av fjellet - sa han: Du gudsmann, kongen segjer du skal koma ned.
  
10. Men Elias svara: Er eg ein gudsmann, so gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti sveinane dine! Då for det eld ned frå himmelen og øydde både han og dei femti sveinane hans.
  
11. So sende kongen ein annan hovding med femti hersveinar til Elias; og han tok til ords og sa til han: Du gudsmann, kongen segjer at du skal koma ned med ein gong.
  
12. Men Elias svara: Er eg ein gudsmann, so gjev det må fara eld ned frå himmelen og øyda deg og dei femti sveinane dine! Då for Guds eld ned frå himmelen og øydde både han og dei femti sveinane hans.
  
13. So sende kongen tridje gongen ein hovding med femti hersveinar. Då denne tridje hovdingen kom upp til Elias, la han seg på kne for han og bad for seg og sa: Du gudsmann, lat livet mitt og livet åt desse femti tenarane dine vera dyrt i dine auga!
  
14. Visst for det eld ned frå himmelen og øydde båe dei fyrre femtimannshovdingane og sveinane deira; men lat no mitt liv vera dyrt i dine augo!
  
15. Då sa Herrens engel til Elias: Gakk men han ned! Ver ikkje redd han*! So reiste han seg og gjekk med hovdingen ned til kongen
  
16. og sa til han: So segjer Herrens: For di du sende bod og vilde spyrja Ba'al-Sebub, Ekron-guden, liksom det ikkje var nokon Gud i Israel som du kunde spyrja åt - difor skal du ikkje stiga ned av den sengi du hev stige upp i; du skal døy.
  
17. So døydde han, soleis som Elias varsla då han bar fram Herrens ord, og Joram* vart konge etter han i andre året av kongedømet åt Joram Josafatsson i Judariket; for han hadde ingen son.
  
18. Det som elles er å segja um Akasja og det han gjorde, det stend skrive i krønikeboki åt Israels-kongane.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES