Bible Study: FrontPage




 

2 Peters, Chapter 2

Bible Study - 2 Peters 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Men det stod og falske profetar fram hjå folket, liksom det og hjå dykk skal koma falske lærarar, som skal lura inn ranglæror som fører til fortaping, med di dei jamvel neittar den Herre som kjøpte dei, og fører yver seg sjølve ei brå fortaping.
  
2. Og mange skal fylgja dei i deira used, og for deira skuld skal sanningsvegen verta spotta,
  
3. og av havesykja skal dei med uppdikta ord nytta dykk ut til vinning for seg. Men domen yver dei er frå gamal tid ikkje yrkelaus, og deira fortaping søv ikkje.
  
4. For so visst som Gud ikkje sparde englar då dei synda, men støytte dei ned i avgrunnen og gav dei yver til myrkers holor i varetekt til dom,
  
5. og ikkje sparde den gamle verdi, men helt uppe rettferds-forkynnaren Noah sjølv-åttande, då han førde storflodi yver ei verd av ugudlege,
  
6. og la byane Sodoma og Gomorra i oska og fordømde dei til undergang, og dermed hev sett dei til fyredøme på dei ugudlege i framtidi,
  
7. og fria ut den rettferdige Lot, som leid under den skamlause åtferdi av dei ugudlege
  
8. - for den rettferdige som budde imillom dei, leid dagstødt pinsla i si rettferdige sjel ved dei lovlause gjerningar som han såg og høyrde -
  
9. So visst veit Herren å fria dei gudlege ut or freisting, men halda dei urettferdige i varetekt med refsing til domedag,
  
10. mest dei som fer etter kjøt i urein lyst og vanvyrder herredøme. Dei sjølvgode vågehalsar! Dei skjelv ikkje ved å spotta høge makter,
  
11. medan då englar, som er større i styrke og makt, ikkje ber fram for Herren nokon spottande dom imot dei;
  
12. men desse, liksom vitlause dyr, av naturi fødde til fanging og undergang - dei skal og, av di dei spottar det dei ikkje kjenner, gagna under si vanart
  
13. og få urettferds løn. Dei set si lyst i å bruka dagen til kjæla; desse utskjemmor og skamflekker, dei fråssar i sitt svik når dei held gilde med dykk.
  
14. Augo hev dei som er fylde av skjøkja og umetteleg i synd; dei forlokkar ustøde sjeler; dei hev et hjarta som er upptamt i havesykja, dei forbanningsborn!
  
15. Dei hev vike frå den beine vegen og fare vilt, med di dei hev fylgt Bileams Beorssons veg, han som elska urettferd løn
  
16. og fekk refsing for sitt eige brot: eit umælande kløvdyr tala med mannemæle til han og hindra profeten i hans uvitingskap.
  
17. Desse er vasslause brunnar, skodda som vert drive av stormvind; til dei er kolmyrket ferdigt.
  
18. For med di dei talar skrøytande, tome ord, forlokkar dei i kjøtlyster ved ukjurskap dei som nett hev flytt ifrå dei som fer i villa,
  
19. med di dei lovar dei fridom, dei som sjølve er trælar under vanarti; for det som ein ligg under for, det hev han og vorte træl for.
  
20. For um dei hev flytt ifrå ureinskapen i verdi med di dei hev lært å kjenna vår Herre og frelsar Jesus Kristus, og so atter let seg fanga av han og ligg under, då hev det siste vorte verre med dei enn det fyrste.
  
21. For det var betre for dei at dei ikkje hadde kjent rettferds veg, enn at dei kjende han og so vende seg burt frå det heilage bodet som var yvergjeve dei.
  
22. Det hev gjenge dei etter det sanne ordtøket: Ein hund vendar att til si eigi spya, og ei lauga su velter seg i søyla.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES