Bible Study: FrontPage




 

2 Samuel, Chapter 4

Bible Study - 2 Samuel 4 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Då Sauls-sonen fekk høyra at Abner hadde mist livet i Hebron, seig han reint i hop, og heile Israel vart forstøkt.
  
2. Hjå Sauls-sonen var det tvo menner som var hovdingar for herjeflokkar. Den eine heitte Ba'ana og hin Rekab; dei var søner åt Rimmon frå Be'erot og høyrde til Benjamins-borni; for Be'erot vart og rekna til Benjamin
  
3. etter Be'erot-buane hadde rømt til Gitta'im, der dei hev halde til alt til denne dag.
  
4. Jonatan Saulsson hadde ein son som var lam i båe føtene. Han var fem år gamal då utidendi um Saul og Jonatan kom frå Jisre'el. Barnfostra tok han på armen og rømde; men medan ho skunda seg å koma av stad, gjekk det so til at han datt ned og vart lam. Mefiboset* heitte han.
  
5. Ein dag kom Rekab og Ba'ana, sønene åt Rimmon frå Be'erot, i heitaste solvarmen til huset åt Isboset, medan han heldt middagskvild.
  
6. Dei lest vilja henta kveite; på den måten kom dei heilt inn i huset, og so såra dei han i livet. Sidan kom dei seg undan både Rekab og Ba'ana, bror hans.
  
7. Dei kom inn i huset medan han låg på sengi i soveromet sitt, og gav han banesår og hogg hovudet av han; det tok dei med seg, og so gjekk dei heile natti etter vegen som ber gjenom moane.
  
8. Dei kom til David i Hebron med hovudet hans Isboset og sa til kongen: Her er hovudet hans Isboset, son åt Saul, han som var uvenen din og stod deg etter livet. Herren hev i dag gjeve deg hemn yver Saul og ætti hans, herre konge.
  
9. Men David svara Rekab og Ba'ana, sønene åt Rimmon frå Be'erot, soleis: So visst som Herren lever, han som hev fria meg ut or all fåre:
  
10. Den mannen som bar tidend til meg at Saul var avliden, og som tenkte at han kom med fagnadbod, Han let eg gripa og drepa i Siklag - han som eg skulde ha gjeve løn for fagnadbod.
  
11. Enn når gudlause menner drep ein rettvis mann i hans eige hus og hans eigi seng - lyt eg ikkje då krevja blodet hans av dykkar hender og rydja dykk ut or landet?
  
12. So tala han med sveinane sine, og dei slo Rimmons-sønene i hel og hogg hendene og føtene av dei; sidan hengde dei dei upp attmed Hebron-tjørni. Men hovudet hans Isboset tok dei og jordfeste i gravi åt Abner i Hebron.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES