Bible Study: FrontPage




 

2 Samuel, Chapter 8

Bible Study - 2 Samuel 8 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Sidan vann David på filistarane og døyvde dei - han tok hovudstadstaumane ut or hendene deira.
  
2. Moabitane vann han og på og mælte dei med ei snor - han baud dei leggja seg ned på jordi og mælte so ut tvo snorlengder med folk som skulde drepast, og ei full snorlengd med folk som skulde få leva; då gav moabitane seg under David og laut svara skatt.
  
3. Like eins vann David på Hadadeser Rehobsson, kongen i Soba, då han drog av stad og vilde vinna att makti si ved elvi*.
  
4. David tok ifrå han syttan hundrad mann av hestfolket og tjuge tusund av fotfolket; vognhestane skar han av hasane på og sparde ikkje att meir enn hundrad av dei.
  
5. Då syrarane frå Damaskus kom og vilde hjelpa Hadadeser, kongen i Soba, felte David tvo og tjuge tusund mann av heren deira;
  
6. sidan la David hervakter i Damaskus-Syria, og syrarane gav seg under han og laut svara skatt. Soleis hjelpte Herren David kvar helst han for fram.
  
7. David tok dei gullskjoldane som Hadadeser-mennene hadde bore, og hadde dei med seg til Jerusalem.
  
8. Og frå Betah og Berotai, byane åt Hadadeser, tok kong David uhorveleg mykje kopar.
  
9. Då To'i, kongen i Hamat, høyrde at David hadde gjort ende på heile Hadadeser-heren,
  
10. sende han Joram, son sin, til kong David - han skulde helsa på han og ynskja han til lukka med di han hadde vunne i striden mot Hadadeser; for Hadadeser hadde stødt lege i ufred med To'i. Han* hadde med seg eigneluter av sylv og gull og kopar.
  
11. Dei og helga kong David til Herren i hop med det sylvet og gullet han helga av herfanget frå alle dei heidningfolki han hadde lagt under seg;
  
12. frå Syria og frå Moab og frå Ammons-borni og frå filistarane og frå amalekitane og av herfanget frå Hadadeser Rehobsson, kongen i Soba.
  
13. Eit stort namn vann David då han på heimvegen frå syrar-slaget slo attan tusund mann* i Saltdalen.
  
14. Han la hervakter i Edom; i heile Edom la han hervakter, og alle edomitane gav seg under han. Soleis hjelpte Herren David kvar helst han for fram.
  
15. So rådde no David yver heile Israel, og David gjorde rettferd mot heile folket sitt.
  
16. Joab, son åt Seruja, var hovding yver heren, og Josafat, son åt Akilud, var sogeskrivar;
  
17. Sadok, son åt Akitub, og Akimelek, son åt Abjatar, var prestar og Seraja riksskrivar;
  
18. Benaja, son åt Jojada, var hovding yver livvakti, og sønene åt David var prestar*


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES