Bible Study: FrontPage




 

Apostlenes-gjerninge, Chapter 14

Bible Study - Apostlenes-gjerninge 14 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. I Ikonium for dei fram på same vis; dei gjekk inn i synagoga åt jødane og tala soleis at ein stor flokk - både jødar og grekarar - tok trui;
  
2. men dei jødane som ikkje vilde tru, eggja upp heidningane og sette vondt i dei mot brørne.
  
3. Dei vart verande der lenge og tala hugheilt i Herren, og han vitna for sitt nådeord med teikn og under som han gav dei makt til å gjera.
  
4. Folket i byen kløyvde seg: sume heldt med jødane, sume med apostlane.
  
5. Men so hende det ein dag at både heidningane og jødane med styresmennene sine styrmde fram og vilde skamfara dei og steina dei,
  
6. og då dei skyna det var meiningi, rømde dei til byane i Lykaonia: Lystra og Derbe, og bygdene der ikring;
  
7. der forkynte dei evangeliet.
  
8. I Lystra var det ein mann som var maktlaus i føtene - han hadde vore vanfør frå han var fødd, og aldri vore god til å ganga.
  
9. No sat han jamleg og lydde på Paulus når han tala. Ein gong feste Paulus augo på han, og då han såg at han hadde tru so han kunde verta lækt, sa han med høg røyst:
  
10. Reis deg og statt upprett på føtene dine! Då spratt han upp og tok til å ganga ikring.
  
11. Då folket såg kva Paulus hadde gjort, ropa dei ende yver seg og sa på lykaonisk: Gudane hev teke manneham og stige ned til oss!
  
12. Og dei kalla Barnabas for Jupiter og Paulus for Merkur, av di han var den som førde ordet.
  
13. Presten i Jupiter-templet som var utanfor byen, kom til porten med uksar og kransar og vilde ofra saman med folket.
  
14. Men då apostlane Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei sund klædi sine og sprang ut millom hopen
  
15. og ropa: Kva gjer de, godtfolk! Me er då og menneske og ligg under same lagnaden som de. Me forkynner dykk evangeliet, at de skal venda dykk burt frå desse inkjeslege avgudane og til den levande Gud; han hev gjort himmelen og jordi og havet og alt som i dei er,
  
16. men i dei framfarne tidene let han alle heidning-folki ganga sine eigne vegar,
  
17. endå han ikkje sparde på minningar um seg, men stødt gjorde vel, sende dykk regn og gode åringar frå himmelen, metta dykk med mat og fyllte hjarto dykkar med gleda.
  
18. So tala dei, men det var berre med naudi dei fekk styrt folket av med å ofra til seg.
  
19. Sidan kom det nokre jødar dit frå Antiokia og Ikonium. Dei fekk talt folket yver, og so steina dei Paulus og drog han ut or byen; for dei tenkte han var slokna.
  
20. Men læresveinane slo ring um han, og han reiste seg upp og gjekk inn til byen. Dagen etter tok han ut og for i lag med Barnabas til Derbe.
  
21. Dei forkynte evangeliet der i byen og vann mange læresveinar. So for dei attende til Lystra og Ikonium og Antiokia,
  
22. og kvar dei kom, styrkte dei læresveinane i sjeli og mana dei til å vera støde i trui og sa: Me lyt ganga inn i Guds rike gjenom mange trengslor.
  
23. Dei valde ut eldste åt dei for kvar kyrkjelyd, og gav dei med bøn og fasta yver til Herren som dei trudde på.
  
24. Sidan drog dei gjenom heile Pisidia og kom til Pamfylia
  
25. og tala Guds ord i Perge. So for dei ned til Attalia,
  
26. og derifrå siglde dei til Antiokia, den staden dei var sende ut frå med bøn um Guds nåde til det verket dei no hadde fullført.
  
27. Då dei kom dit, kalla dei i hop kyrkjelyden og fortalde um kor store ting Gud hadde gjort gjenom dei, og at han hadde opna ei dør til trui for heidningane.
  
28. Og dei vart verande der ei god stund hjå læresveinane.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES