Bible Study: FrontPage




 

Amos, Chapter 7

Bible Study - Amos 7 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Denne syni let Herren, Israels Gud, meg sjå: Det var ein som skapte grashoppar, då håi tok til å koma; det var håi etter kongens slått.
  
2. Og då dei vel hadde ete upp kvart grasstrå i landet, då sa eg: Herre, Israels Gud, tilgjev! Kor kann Jakob berga livet, so liten som han er?
  
3. Då angra Herren det. Det skal ikkje henda, sa Herren.
  
4. So let Herren, Israels Gud, meg sjå denne syni: Til straffar kalla han elden fram, Herren, Israels Gud, og han åt upp det store djupet og heldt på å eta odelslandet med.
  
5. Då sa eg: Herre, Israels Gud, haldt upp! Kor kann Jakob berga livet, so liten som han er?
  
6. Då angra Herren det. Ikkje dette heller skal henda, sa Herren, Israels Gud.
  
7. So let han meg sjå ei sovori syn: Herren stod på ein tverrbratt mur, og i handi hadde han eit blylodd.
  
8. Og Herren sa til meg: Kva ser du, Amos? Eg svara: Eit blylodd. Då sa Herren: Sjå, eg skal bruka eit blylodd millom Israel, folket mitt; eg vil ikkje lenger hava tol med deira synd.
  
9. Isaks offerhaugar skal øydast, og Israels heilagdomar siga i røys, og mot Jeroboams hus vil eg risa upp med sverd.
  
10. Då sende Amasja, presten i Betel, bod til Jeroboam, Israels-kongen, med sovorne ord: Amos hev fenge til ei samansverjing mot deg midt i Israels hus; landet kann ikkje tola all røda hans.
  
11. For so hev Amos sagt: Jeroboam skal døy for sverd, og Israel verta burtført frå sitt land.
  
12. Og Amasja sa til Amos: Gakk din veg, du sjåar, fly til Juda-landet! Der kann du eta ditt brød, og der kann du vera profet!
  
13. Men i Betel fær du ikkje lenger driva som profet; for det er kongeleg heilagdom og rikstempel.
  
14. Då svara Amos Amasja so: Ikkje er eg profet, og ikkje profetsvein; eg er berre ein hyrding, som sankar morbær-fikor.
  
15. Men Herren tok meg burt frå hjordi, og Herren sa til meg: Gakk og ver profet for mitt folk Israel!
  
16. So høyr no Herrens ord: Du segjer: Du skal ikkje tala profetord mot Israel og ikkje preika mot Isaks hus.
  
17. Difor segjer Herren so: Kona di vert skjøkja i byen, dine søner og døtter skal falla for sverd, di jord skal dei byta med mælesnor, du sjølv skal døy i eit ureint land, og Israel skal verta burtført frå sitt land.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES