Bible Study: FrontPage




 

Kolossenserne, Chapter 4

Bible Study - Kolossenserne 4 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. De herrar, gjer imot tenarane dykkar som rett og rimeleg er, for de veit at de og hev ein herre i himmelen!
  
2. Ver trottuge i bøni, so de vaker i henne med takksegjing!
  
3. Og bed for oss med, at Gud må opna oss ei dør for ordet so me kann forkynna Kristi løyndom, den som eg og er i lekkjor for,
  
4. so eg kann openberra han so som eg bør tala.
  
5. Ferdast visleg med dei som er utanfor, so de kjøper den laglege tid!
  
6. Lat talen dykkar alltid vera tekkeleg, krydda med salt, so de veit korleis de skal svara kvar og ein.
  
7. Korleis det gjeng meg, det skal Tykikus kunngjera dykk alt saman, han min kjære bror og trugne hjelpar og medtenar i Herren,
  
8. som eg sender til dykk just for dette, so de skal få vita korleis det er med oss, og so han skal trøysta dykkar hjarto,
  
9. saman med Onesimus, den trugne og kjære bror, som er frå dykkar by. Korleis det er her, det skal dei kunngjera dykk alt saman.
  
10. Aristarkus, min medfange, helsar dykk, og Markus, syskenbarnet åt Barnabas, som de fekk påbod um - når han kjem til dykk, so tak imot han! -
  
11. og Jesus som hev tilnamnet Justus; desse er av dei umskorne dei einaste medarbeidarar for Guds rike som hev vorte meg til hugge.
  
12. Epafras helsar dykk, han som er frå dykkar by, ein Kristi Jesu tenar som alltid strider for dykk i sine bøner, at de må standa fullkomne og fullvisse i all Guds vilje;
  
13. for eg gjev han det vitnemålet at han hev mykje strev for dykk og dei i Laodikea og dei i Hierapolis.
  
14. Lukas helsar dykk, den kjære lækjaren, det same gjer Demas.
  
15. Helsa brørne i Laodikea, og Nymfas og kyrkjelyden i hans hus!
  
16. Og når dette brevet er lese hjå dykk, so syt for at det og vert lese hjå kyrkjelyden hjå Laodikearane, og at de får lesa brevet frå Laodikea!
  
17. Og seg til Arkippus: Tak vare på den tenesta som du hev motteke i Herren, so du fullfører henne!
  
18. Helsing med mi, Paulus', hand: Kom i hug lekkjone mine! Nåden vere med dykk!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES