Bible Study: FrontPage




 

Daniel, Chapter 12

Bible Study - Daniel 12 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. I den tid skal Mikael standa fram, den store hovdingen som vernar borni åt folket ditt; og det skal koma ei slik trengsletid som det aldri hev vore frå den dagen noko folkeslag vart til, og alt til den tidi. Men i den tid skal alle dei som finst av folket ditt verta frelste som finst skrivne i boki.
  
2. Og dei mange som søv i moldi, skal vakna upp, sume til æveleg liv og sume til skam og æveleg stygg.
  
3. Då skal dei vituge skina som himmelkvelven skin, og dei som hev ført dei mange til rettferd, skal skina som stjernone, æveleg og alltid.
  
4. Men du, Daniel, må gøyma desse ordi og forsegla boki alt til endetidi; mange skal granska henne, og kunnskapen skal verta stor.
  
5. So fekk eg, Daniel, i syni mi sjå tvo andre som stod der, ein på den eine elvebakken og ein på den andre elvebakken.
  
6. Og ein av dei sa til mannen som var klædd i linklæde, og som stod uppyver vatnet i elvi: Kor lenge varer det fyrr alt dette underfulle hev hendt?
  
7. Og eg høyrde kva han sa, mannen som var klædd i linklæde, og som stod uppyver vatnet i elvi; han rette høgre handi og vinstre handi upp imot himmelen og svor ved han som lever æveleg: Ei tid og tider og ei halv tid*, og når makti åt det heilage folket er heiltupp krasa, då skal alt dette fullendast.
  
8. Og eg høyrde det, men skyna det ikkje; so spurde eg: Herre, kva er endelykti på dette?
  
9. Då sa han: Gakk burt, Daniel! For desse ordi skal vera løynde og forsigla alt til endetidi.
  
10. Mange skal verta reinsa og tvegne og skirde; men dei ugudlege skal driva på med gudløysa si, og ingen ugudleg skal skyna det; men dei vituge skal skyna det.
  
11. Frå den tid då det daglege offeret vert avteke og den øydande styggedomen sett upp, skal det ganga eit tusund, tvo hundrad og nitti dagar.
  
12. Sæl er den som biar og når fram eit tusund, tvo hundrad og fem og tretti dagar.
  
13. Men gakk du til møtes med enden! Du skal kvila og so standa upp og få din lut når dagane fær ende.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES