Bible Study: FrontPage




 

Predikerens, Chapter 6

Bible Study - Predikerens 6 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Det er ei ulukka som eg hev set under soli, og som ligg tungt på menneskja:
  
2. Når Gud gjev ein mann rikdom og skattar og æra, so han for sin part ikkje vantar noko av det han ynskjer, men Gud ikkje let han vera kar til å njota godt av det, men ein framand mann fær njota det, so er det fåfengd og ei vond liding.
  
3. Um ein mann fær hundrad born og lever mange år, so talet på levedagane hans vert stort, men sjeli hans ikkje vert mett av det gode, og han so ikkje fær nokor jordferd, då segjer eg: Eit ufullbore foster er betre fare enn han.
  
4. For til fåfengs kom det til verdi, og i myrker gjeng det burt, og i myrker fær det namnet sitt løynt,
  
5. og soli hev det korkje set eller kjent; det hev meir ro enn han.
  
6. Og um han so hadde levd tusund år tvo gonger, men ikkje fenge njota noko godt - fer ikkje alt* til ein stad?
  
7. All mannsens møda er for munnen hans, og like vel vert hugen aldri nøgd;
  
8. for kva fyremun hev vismannen framfor dåren? Kva fyremun hev fatigmannen som veit å skikka seg millom dei levande?
  
9. Betre er det at augo ser på det ein hev, enn at hugen fer uroleg ikring; det og er fåfengd og jag etter vind.
  
10. Det som hev vorte til, er longe nemnt med namn*, og det er kjent kva ein mann skal verta; han kann ikkje tretta med den som er sterkare enn han;
  
11. for det finst ein ordrikdom som berre aukar fåfengdi - kva gagn hev mannen av det?
  
12. For kven veit kva som batar mannen i livet, i alle hans fåfengde levedagar, som han fer igjenom som ein skugge? For kven kann segja mannen kva som skal henda under soli etter hans tid?


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES