Bible Study: FrontPage




 

Esters, Chapter 7

Bible Study - Esters 7 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. So kom då kongen og Haman til gjestebodet hjå dronning Ester.
  
2. Denne andre dagen og sa kongen til Ester, medan dei sat og drakk vin: Er det noko du vil beda um, dronning Ester? Det skal gjevast deg. Er det noko du ynskjer? Du skal få det, um det so var helvti av riket.
  
3. Då svara dronning Ester: Hev du nokon godvilje for meg, konge, og er det etter ditt tykk, so unn meg livet for bøni mi skuld, og folket mitt for ynsket mitt skuld!
  
4. For me er selde, både eg og folket mitt, til å øydast og drepast og tynast. Var det endå berre til å vera trælar og trælkvinnor me var selde, so skulde eg tagt; men no er fienden vår ikkje god til å bøta det tapet kongen lid.
  
5. Då tok kong Ahasverus til ords att og spurde dronning Ester: Kven er han, og kvar er han som hev våga seg til å gjera slikt?
  
6. Ester svara: Det er ein motstandar og fiende - det er Haman, det illmennet der! Då vart Haman so forfærd at han torde ikkje sjå dit som kongen og dronningi sat.
  
7. Kongen reiste seg i vreide; han tok ut frå gjestebodet og gjekk ut i slottshagen; men Haman vart att inne - han vilde beda dronning Ester um livet sitt; for han skyna at kongen var fullrådd på å valda han vondt.
  
8. Då kongen kom attende frå slottshagen til gjestebodshuset, låg Haman framyver kvilebenken som Ester sat på. Då ropa kongen: Vil han jamvel taka dronningi med vald, og det her i mitt eige hus! Ikkje fyrr var det ordet fare or munnen på kongen, fyrr dei sveipte inn andletet hans Haman.
  
9. Og Harbona, ein av dei hirdmennene som då gjorde tenesta hjå kongen, sa: Sjå, innmed huset hans Haman stend det alt ein galge, femti alner høg! Den hev Haman late gjera åt Mordekai, han som ein gong gjorde kongen so stort gagn med ordi sine. Då sa kongen: Heng han upp i den!
  
10. So hengde dei Haman upp i den galgen som han hadde reist åt Mordekai. Og harmen rann av kongen.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES