Bible Study: FrontPage




 

2 Mosebok, Chapter 1

Bible Study - 2 Mosebok 1 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. No skal de få høyra namni på Israels-sønene som kom til Egyptar-land; med Jakob kom dei, kvar med sin huslyd:
  
2. Ruben og Simeon og Levi og Juda,
  
3. Issakar og Sebulon og Benjamin,
  
4. Dan og Naftali, Gad og Aser.
  
5. Med alle i hop var det sytti sjeler som var ætta frå Jakob; Josef han var no alt i Egyptar-land.
  
6. Og Josef døydde og alle brørne hans og heile den ætti.
  
7. Men Israels-folket muna og voks og auka og vart uhorveleg mannsterke, so dei fyllte heile landet.
  
8. Då kom det ein ny konge i Egyptar-land, som ikkje visste noko um Josef.
  
9. Og han sa til folket sitt: Sjå, Israels-lyden er større og sterkare enn me.
  
10. Lat oss no fara klokt fram, so dei ikkje skal aukast endå meir! For kjem det ufred, so kunde dei gjerne slå seg i hop med uvenene våre og strida mot oss og fara or landet!
  
11. So sette dei futar yver dei, som skulde plaga dei med tungarbeid, og dei laut byggja tvo byar med varehus for Farao; det var Pitom og Ra'amses.
  
12. Men di meir dei plaga dei, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, so egyptarane tok til å fæla for Israels-borni.
  
13. Soleis nøydde dei no Israels-borni til å træla for seg
  
14. og gjorde livet surt for dei med hardt arbeid i leirtaki og tiglverki og med allslags jordarbeid, alt arbeidet som dei truga dei til å gjera.
  
15. Og kongen i Egyptar-land sa til dei hebraiske jordmøderne - den eine av dei heitte Sifra og den andre Pua -:
  
16. Kvar gong de hjelper ei hebraisk barnsengkona, sa han, so skal de sjå etter i fødestolen: Er det son ho hev fenge, so drep han! er det dotter, so må ho leva.
  
17. Men jordmøderne hadde age for Gud og gjorde ikkje som kongen i Egyptar-land sa, men let småsveinane leva.
  
18. Då kalla kongen jordmøderne fyre seg og sa til dei; Kvi gjer de dette og let sveinborni leva?
  
19. Jordmøderne svara: Dei hebraiske kvinnone er ikkje som dei egyptiske, dei er sterkare; innan jordmori kjem, hev dei fenge barnet.
  
20. Då gjorde Gud vel imot jordmøderne; og folket auka og vart ovleg mangment.
  
21. Og for di jordmøderne hadde age for Gud, gav han dei avkjøme.
  
22. Men Farao sende bod utyver til heile folket sitt og sa: Kvar son som kjem til verdi*, skal de kasta i elvi; berre døtterne skal de lata leva!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES