Bible Study: FrontPage




 

2 Mosebok, Chapter 11

Bible Study - 2 Mosebok 11 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Herren hadde sagt til Moses: Endå ei ulukke vil eg føra yver Farao og Egyptar-land, so skal han sleppa dykk av; han skal ikkje berre gjeva dykk lov til å fara, men beint fram driva dykk ut med alt det de hev.
  
2. Seg no so folket høyrer på, at kvar mann skal beda grannen sin og kvar kvinna grannekvinna si um sylv og gull!
  
3. Og Herren gjorde det slik at egyptarane fekk godvilje for folket; og so var og Moses ein ovstor mann i Egyptar-landet, både for tenarane åt Farao og for hitt folket.
  
4. Og Moses sa: So segjer Herren: Når det lid til midnatt, vil eg fara midt igjenom Egyptar-land.
  
5. Då skal det døy alt som frumbore er i Egyptar-landet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sit i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt trælkvinna, som sit og dreg landkverni, og alle frumsungane i buskapen.
  
6. Og frå heile Egyptar-landet skal det stiga eit øgjeleg skrik, so ingen skal hava høyrt slikt skrik anten fyrr eller sidan.
  
7. Men ikkje ein hund skal gøy på nokon i Israel, korkje på folk eller fe, so de skal verta vare at Herren gjer skil på egyptarane og Israel.
  
8. Då skal alle desse tenarane dine koma ned til meg og kasta seg ned for meg og segja: Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg! Og so skal eg fara. Og han gjekk burt frå Farao i brennande harm.
  
9. Som Herren hadde sagt til Moses: Farao skal ikkje høyra på dykk, so eg kann få gjord mange under i Egyptar-landet,
  
10. so gjorde Moses og Aron alle desse underi for augo åt Farao; men Herren gjorde Farao strid i hugen, so han slepte ikkje Israels-borni or landet sitt.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES