Bible Study: FrontPage




 

2 Mosebok, Chapter 17

Bible Study - 2 Mosebok 17 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. So tok heile Israels-lyden ut frå Sin-øydemarki og for dagsleid etter dagsleid, soleis som Herren sa dei fyre. Sidan lægra dei seg i Refidim; med der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka.
  
2. Og folket tretta med Moses og sa: Gjev oss vatn, so me fær drikka! Då sa Moses til dei: Kvi trettar de med meg? Kvi freistar de Heren?
  
3. Men folket tyrsta etter vatn, og dei mukka mor Moses og sa: Kvi hev du då ført oss upp frå Egyptar-land? Vil du då at me og borni våre og feet vårt skal døy av torst?
  
4. Då ropa Moses til Herren og sa: Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge fyrr dei steinar meg?
  
5. Og Herren sa til Moses: Far i veg fyre folket! Få med deg nokre av dei øvste i Israel, og staven din som du slo i elvi med, tak den i handi, og gakk so!
  
6. Du skal få sjå meg stande midt uppyver ei ufs der burte på Horeb; då skal du slå på ufsi, og det skal koma vatn ut or henne, so folket fær drikka. Moses gjorde som Herren sa, so dei øvste i Israel såg på det.
  
7. Den staden kalla han Massa* og Meriba**, av di at Israels-folket tretta med han, og av di dei freista Herren og sa: Er Herren imillom oss eller ikkje?
  
8. Sidan kom Amalek og gav seg i strid med Israel i Refidim.
  
9. Då sa Moses til Josva: Vel oss ut nokre menner og tak ut og haldt slag med Amalek! I morgon skal eg standa øvst på haugen med gudsstaven i handi.
  
10. Josva gjorde som Moses sa til han og slost med Amalek, og Moses og Aron og Hur steig upp på høgste haugen.
  
11. Då gjekk det slik at so lenge Moses heldt handi i veret, hadde Israel yvertaket, men når han let handi siga, so vann Amalek.
  
12. Men so tok Moses til å trøytna i hendene; då tok dei ein stein og la til rettes for han; den sette han seg på, og Aron og Hur studde hendene hans, ein på kvar sida. Då heldt han hendene støde alt til soli gladde.
  
13. Josva hogg ned Amalek og folket hans med kvasse sverdet.
  
14. Og Herren sa til Moses: Skriv dette upp i ei bok, so det ikkje gjeng dykk or minne, og lat Josva feste det i hugen! For eg vil rydja ut minnet um Amalek, so det ikkje skal finnast meir under himmelen.
  
15. Då bygde Moses eit altar og kalla det: Herren er hermerket mitt.
  
16. Og han sa: Ei hand er rekt frå Herrens høgsete! Herren skal søkja Amalek med ufred, ætt for ætt.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES