Bible Study: FrontPage




 

2 Mosebok, Chapter 25

Bible Study - 2 Mosebok 25 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og Herren tala til Moses og sa:
  
2. Seg til Israels-borni at dei skal koma med ei reida til meg! Kvar skal gjeva etter som han hev hjartelag til, og det dei gjev meg, skal de taka imot.
  
3. Og reida som de skal taka imot av dei, det lyt vara gull og sylv og kopar
  
4. og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint lin og geiteragg og
  
5. raudleta verskinn og takasskinn* og akasietre,
  
6. olje til ljosestaken, kryddor til salvingsoljen og den angande røykjelsen,
  
7. onykssteinar* og andre dyre steinar til å setja på messehakelen og bringeduken.
  
8. Og dei skal gjera meg ein heilagdom, so vil eg bu imillom dei.
  
9. Både tabernaklet og alt som til det høyrer, skal de i alle måtar gjera etter det biletet eg vil syna deg.
  
10. Dei skal gjera ei kiste av akasietre, halvtridje aln lang, halvonnor aln breid og halvonnor aln høg.
  
11. Den skal du klæda med skirt gull, både innan og utan skal du gullklæda henne, og gjera ein gullkrans på henne rundt ikring.
  
12. Du skal støypa fire gullringar og festa dei i dei fire føtene på kista, tvo på den eine sida og tvo på den andre.
  
13. So skal du gjera stenger av akasietre og klæda dei med gull
  
14. og smøygja dei inn i ringane på sidone av kista; dei skal vera til å bera henne etter.
  
15. Stengene skal allstødt sitja i ringane på kista; dei må aldri takast utor.
  
16. I den kista skal du leggja vitnemålet* som eg vil gjeva deg.
  
17. So skal du gjera ein nådestol* av skirt gull, halvtridje aln lang og halvonnor aln breid.
  
18. På båe endane av nådestolen skal vera tvo kjerubar; dei skal du gjera av drive gull.
  
19. Den eine kjeruben skal vera ytst på den eine enden og den andre ytst på hin enden; i eitt med nådestolen skal de gjera kjerubane, ein på kvar ende.
  
20. Kjerubane skal halda vengene utbreidde og upplyfte, so dei tekkjer yver nådestolen med vengene sine, og andleti deira skal snu imot einannan; dei skal vende augo mot nådestolen.
  
21. So skal du setja nådestolen ovanpå kista, og inni kista skal du leggja vitnemålet* som eg vil gjeva deg.
  
22. Og sidan vil eg møtast med deg der; frå romet yver nådestolen millom båe kjerubane som er på vitnemålskista, vil eg tala med deg kvar gong eg sender deg bod med Israels-borni.
  
23. So skal du gjera eit bord av akasietre, tvo alner langt og ei aln breidt og halvonnor aln høgt.
  
24. Du skal klæda det med skirt gull og gjera ein gullkrans på det rundt ikring.
  
25. Rundt um det skal du gjera ei list so breid som ei hand, og på listi skal du setja ein gullkrans som gjeng heilt ikring.
  
26. So skal du gjera fire gullringar, og dei skal du setja i dei fire hyrno på dei fire bordføtene.
  
27. Tett uppmed listi skal ringane sitja; dei skal vera til å smøygja berestenger inn i.
  
28. Stengene skal du gjera av akasietre og klæda dei med gull; dei er det bordet skal berast i.
  
29. Sidan skal du gjera dei fati og skålene som høyrer til bordet, og kannone og bollane som de skal skjenkja drykkoffer av; alt dette skal du gjera av skirt gull.
  
30. På bordet skal du allstødt leggja skodebrød for mi åsyn.
  
31. So skal du gjera ein ljosestake av skirt gull; drive arbeid skal det vera både hoven og leggen. På staken skal det vera blomar, knuppar og utsprotne blad, og dei skal vera samgjorde med han.
  
32. Seks armar skal greina seg ut ifrå han, tri på den eine sida og tri på den andre.
  
33. På den eine armen skal det vera tri utsprotne mandelblomar med knupp og blad, og soleis på alle dei seks armane som greinar seg ut ifrå ljosestaken.
  
34. På sjølve staken skal det vera fire utsprotne mandelblomar med knupp og blad:
  
35. ein blomsterknupp under dei fyrste tvo armane, og ein under dei næste tvo armane, og ein under dei øvste tvo armane - ein knupp under kvart par av dei seks armane som greinar seg ut ifrå ljosestaken.
  
36. Både blomsterknuppane og armane skal vera samsmidde med staken, alt skal vera eitt heilgjort arbeid av drive skirt gull.
  
37. So skal du gjera lampone til ljosestaken, sju i talet, og dei skal setjast upp so ljoset fell frametter, på romet framanfor staken.
  
38. Saksene og saksplatone som høyrer til, skal vera av skirt gull.
  
39. Ein talent* skirt gull skal de bruka til ljosestaken og alle desse gognene.
  
40. Sjå no til at du fær gjort dette etter det biletet som vart synt deg på fjellet!


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES