Bible Study: FrontPage




 

Esekiel, Chapter 2

Bible Study - Esekiel 2 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Han sa til meg: Menneskeson! Statt upp på føtene dine, so eg kann få tala med deg!
  
2. Og det kom ånd i meg med det same han tala til meg, og reiste meg upp på mine føter, og eg lydde på han som tala til meg.
  
3. Han sa til meg: Menneskeson! Eg sender deg til Israels-borni, dei upprørske heidningar som hev gjort upprør mot meg; dei sjølve og federne deira hev vore utrue mot meg alt til den dag i dag.
  
4. Og til borni med dei ubljuge andleti og harde hjarto sender eg deg, og du skal segja til dei: So segjer Herren, Israels Gud.
  
5. Og anten dei lyder på eller ikkje - for ei trassig ætt er dei - so skal dei få vita at ein profet hev vore midt imillom dei.
  
6. Men du menneskeson, ver ikkje redd dei, og ottast ikkje ordi deira! For netlor og klunger hev du ikring deg, og millom skorpionar bur du. Ordi deira skal du ikkje ottast, og for deira åsyn skal du ikkje fæla; for ei trassig ætt er dei.
  
7. Du skal tala ordi mine til dei anten dei lyder på eller ikkje; for trassige, det er dei.
  
8. Men du menneskeson, lyd på det som eg talar til deg! Ver ikkje trassig som den trassige ætti! Lat upp munnen din og et det som eg gjev deg!
  
9. Og som eg såg, fekk eg sjå ei hand som var rett ut til meg, og i den var ein bokrull.
  
10. Han breidde han ut framfor meg, og han var fullskriven både inni og utanpå; og det som stod skrive der, var syrgjesongar og sukkar og ve-rop.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES