Bible Study: FrontPage




 

Esekiel, Chapter 25

Bible Study - Esekiel 25 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
  
2. Menneskeson! Vend andletet mot Ammons-borni og spå mot dei!
  
3. Seg til Ammons-borni: Høyr ordet frå Herren, Israels Gud! So segjer Herren, Israels Gud: Etter di du ropa: Hå, hå! yver heilagdomen min som vart vanhelga, og yver Israels land, som vart lagt i øyde, og yver Juda-lyden, som laut fara i utlægd.
  
4. Sjå, difor vil eg lata austmennene få deg til eiga, og dei skal slå sine tjeldlæger i deg og reisa sine bustader i deg; dei skal eta frukti di og drikka mjølki di.
  
5. Og eg vil gjera Rabba til beitemark åt kamelar og landet åt Ammons-borni til felæger, og de skal sanna at eg er Herren.
  
6. For so segjer Herren, Israels Gud: Av di du klappa i hendene og trappa med føtene og fagna deg med djup vanvyrdnad av alt dit hjarta yver Israels land,
  
7. sjå, difor retter eg ut hand mot deg og gjev deg til føda åt folki; eg ryd deg ut or folkeslagi og let deg tynast ut or landi; eg vil øyda deg ut, so du skal sanna at eg er Herren.
  
8. So segjer Herren, Israels Gud: Av di Moab og Se'ir sa: Sjå, de gjekk med Juda-lyden som med alle hine folki,
  
9. sjå, difor vil eg gjera eit òp i sida åt Moab alt ifrå byane*, frå byane hans på alle leider, fagraste luten av landet, Bet-Jesimot, Ba'al-Meon og alt til Kirjata'im,
  
10. so austmennene kann koma seg inn, like eins som eg vil gjera med landet åt Ammons-borni*, som eg gjev dei til eiga, so ein ikkje skal minnast landet åt Ammons-borni millom folki.
  
11. Eg vil halda dom yver Moab, so dei skal sanna at eg er Herren.
  
12. So segjer Herren, Israels Gud: Av di Edom tok hemn yver Juda-lyden og førde skuld yver seg med di dei hemnde seg på dei,
  
13. difor segjer Herren, Israels Gud, so: Eg vil retta ut handi mot Edom og rydja ut både folk og fe der, og eg vil gjera det til ei audn alt frå Teman, og alt burt til Dedan skal dei falla for sverd.
  
14. Eg vil lata mitt folk Israel fullføra min hemn mot Edom, og dei skal fara åt med Edom etter min vreide og harm, og de skal få kjenna min hemn, segjer Herren, Israels Gud.
  
15. So segjer Herren, Israels Gud: Av di filistarane tok hemn, av di dei hemnde seg med vanvyrdnad av alt sitt hjarta og vilde tyna og øyda av eldgamal fiendskap,
  
16. difor segjer Herren, Israels Gud, so: Sjå eg rettar ut handi mot filistarane og ryd ut kretarane* og tyner det som er att utmed havstrandi.
  
17. Eg vil lata stor hemn råma dei og tukta dei i min vreide, og dei skal sanna at eg er Herren, når eg let hemnen min nå dei.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES