Bible Study: FrontPage




 

Esekiel, Chapter 28

Bible Study - Esekiel 28 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
  
2. Menneskeson, seg til fyrsten i Tyrus: So segjer Herren, Israels Gud: Av di ditt hjarta ovmodar seg, og du segjer: Eg er ein gud, eg sit i eit gudesæte midt uti havet, endå du er eit menneske og ingen gud, men like vel i ditt hjarta tykkjest vera ein gud -
  
3. ja, du er visare enn Daniel, ingen løyndom er duld for deg;
  
4. med din visdom og ditt vit hev du vunne deg rikdom og samla gull og sylv i dine skattkammer;
  
5. med din store klokskap i handel hev du auka rikdomen din, og ditt hjarta ovmoda seg av din rikdom -
  
6. difor segjer Herren, Israels Gud, so: Av di du i ditt hjarta tykkjest vera ein gud,
  
7. sjå, difor let eg framande koma yver deg, valdsmennene millom folki, og dei skal draga sverdi sine mot din strålande visdom og vanhelga din glans.
  
8. I gravi skal dei støypa deg ned, og du skal døy ihelslegen manns daude midt uti havet.
  
9. Skal tru du då vil segja til din banemann: Eg er ein gud, endå du er eit menneske og ingen gud, du som er i handi på din dråpsmann?
  
10. Som dei u-umskorne døyr, so skal du døyr for handi åt framande; for eg hev tala, segjer Herren, Israels Gud.
  
11. Og Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
  
12. Menneskeson, set i med ein syrgjesong yver Tyrus-kongen og seg til han; so segjer Herren, Israels Gud: Du som var innsiglet på den vel tilmåta bygnaden, full av visdom og fullkomen i venleik!
  
13. I Eden, Guds hage, budde du; yverstrådd var du med dyre steinar av alle slag: karneol, topas og demant, krysolit, onyks og jaspis, safir, karfunkel og smaragd, og gull; dine trummor og fløytor var i fullt arbeid hjå deg; den dagen du vart skapt, stod dei reiduge.
  
14. Du var ein salva kjerub med venger som gav livd, og eg sette deg på det heilage gudefjellet; der gjekk du ikring millom logande steinar*.
  
15. Ulastande var du i di åtferd frå den dagen du var skapt, til dess urettvisa fanst hjå deg.
  
16. Den store handelen din valda at du var full av urett og tok til synda; so vanhelga eg deg og dreiv deg burt frå gudefjellet, og eg tynte deg, du salva kjerub, so du ikkje lenger fekk vera millom dei logande steinar.
  
17. Ditt hjarta ovmoda seg av din venleik, du spillte din visdom for din glans; so kasta eg deg til jordi, eg la deg framfor augo på kongar, so dei kunde sjå på deg med lyst.
  
18. Med dine mange misgjerningar, med din urettferdige handel vanhelga du heilagdomane dine. Difor let eg eld loga ut frå deg, og han skal øyda deg; eg gjer deg til oska på jordi for augo på alle som ser deg.
  
19. Alle som kjende deg millom folkeslagi, er forfærde yver deg; ei skræmma hev du vorte, og burte er du - til æveleg tid.
  
20. Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
  
21. Menneskeson, vend andletet mot Sidon og spå imot det
  
22. og seg: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg kjem yver deg, Sidon, og syner meg herleg i deg. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg held dom yver det og syner min heilagdom på det.
  
23. Eg vil senda sott og blod yver det på gatone, og drepne menner skal falla der for eit sverd som kjem yver det frå alle leider, og dei skal sanna at eg er Herren.
  
24. Sidan skal det aldri meir vera for Israels-lyden nokon stingande torn eller svidande tistel millom alle dei som bur rundt ikring dei, og som svivyrder dei, og dei skal sanna at eg er Herren, Israels Gud.
  
25. So segjer Herren, Israels Gud: Når eg samlar Israels-lyden ifrå folki som dei er spreidde imillom, då vil eg syna min heilagdom på dei for augo på folkeslagi, og dei skal bu i sitt land, det som eg gav Jakob, tenaren min;
  
26. dei skal bu trygt der og byggja hus og planta vinhagar - dei skal bu trygt, medan eg held dom yver alle deira grannar som svivyrer dei, og dei skal sanna at eg, Herren, er deira Gud.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES