Bible Study: FrontPage




 

Esekiel, Chapter 6

Bible Study - Esekiel 6 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Og Herrens ord kom til meg; det lydde so;
  
2. Menneskeson! Vend di åsyn mot Israels-fjelli og spå mot dei
  
3. og seg: De Israels-fjell, høyr ordi frå Herren, Israels Gud! So segjer Herren, Israels Gud, til fjelli og haugane, til bekkene og dalane: Sjå, eg let sverd koma yver dykk og øyder offerhaugane dykkar.
  
4. Altari dykkar skal verta lagde i øyde, og solstolpane dykkar sundkrasa, og dei av dykk som vert drepne, vil eg lata falla framfor augo på dei ufysne avgudane dykkar.
  
5. Og eg vil leggja liki av Israels-borni framfor augo på dykkar ufysne avgudar og strå beini dykkar rundt ikring altari dykkar.
  
6. Kvar de so bur, skal byane verta lagde i øyde og offerhaugane verta aude, so altari dykkar kann verta øydelagde og aude, og dei ufysne avgudane dykkar sundkrasa og upp i inkje, og solstolpane dykkar nedhogne, og verki dykkar utstrokne;
  
7. drepne menner skal falla midt ibland dykk, og de skal sanna at eg er Herren.
  
8. Men eg vil lata ein leivning vera att, so sume av dykk slepp undan sverdet ute millom folkeslagi, når de vert spreidde ikringum i landi.
  
9. Og dei av dykk som slepp undan, skal koma meg i hug ute millom folki, der dei er fangar, når eg hev knasa deira utrue hjarto som veik ifrå meg, og deira augo som i utruskap fylgde dei ufysne avgudane deira; og dei skal styggjast ved seg sjølve for det vonde dei hev gjort - for all styggedomen sin,
  
10. og skal dei sanna at eg er Herren. Det er ikkje for inkje eg hev tala um å senda denne ulukka på dei.
  
11. So segjer Herren, Israels Gud: Slå hendene i hop og trappa med foten og eia deg yver all den vonde styggedomen i Israels-lyden; for dei skal falla for sverd og svolt og sott.
  
12. Den so er langt burte, skal døy av sotti, og den som er nær, skal fall for sverdet, og den som er att og er berga, skal døy av svolten, og eg vil renna ut all min harm yver dei.
  
13. De skal sanna et eg er Herren, når deira drepne menner ligg midt imillom deira ufysne avgudar, rundt ikring altari deira, på kvar ein høg haug, på alle fjelltoppane og under kvart eit grønt tre og kvar ei lauvrik terebinta, alle stader der dei lét godange stiga upp til alle dei ufysne avgudane sine.
  
14. Og eg vil retta ut handi mi mot dei og gjera landet til audn og øyda - verre enn Dibla-øydemarki - kvar dei so bur, og dei skal sanna at eg er Herren.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES