Bible Study: FrontPage




 

Esekiel, Chapter 9

Bible Study - Esekiel 9 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. So høyrde eg han ropa med høg røyst: Kom hit med heimsøkjingane yver byen, kvar med si tynar-ambod i handi!
  
2. Og sjå, då kom seks menner på vegen igjenom Øvreporten, som snur mot nord, kvar med si krasar-ambod i handi, og med dei var ein mann som hadde ein linklædnad på og eit skrivestell ved lendi, og dei kom inn og vart standande attmed koparaltaret.
  
3. Og herlegdomen åt Israels Gud lyfte seg upp frå kjerubane, som han var yver, og flutte seg til dørstokken på huset, og han ropa til mannen i linklædnaden og med skrivestellet ved lendi.
  
4. Og Herren sa til han: Gakk midt igjenom byen, midt igjenom Jerusalem, og set eit merke i panna på dei menner som sukkar og jamrar yver alt det avstyggelege som gjeng fyre seg der.
  
5. Og til hine sa han so eg høyrde på: Gakk igjenom byen etter han og slå ned! Vis ikkje medynk og spar ingen!
  
6. Gamle folk og sveinar og møyar og småborn og kvinnor skal de hogga ned for fot; men de må ikkje røra nokon av dei som hev merke på seg. De skal taka til frå min heilagdom. So tok dei til med dei gamle mennene som stod framfor huset.
  
7. Og han sa til dei: Gjer huset ureint og fyll fyregarden med drepne menner! Far ut! Og dei for ut og slo ned folket i byen.
  
8. Men medan dei slo ned, og eg vart att der, kasta eg meg å gruve og ropa: Å, Herre, Herre! Vil du tyna alt som er att av Israel, med di du renner ut din harm yver Jerusalem?
  
9. Misgjeningi åt Israels- og Juda-lyden er ovleg stor; landet er fullt av blodskuld, og byen er full av urettvise domar; for dei segjer: Herren hev vendt seg ifrå landet, Herren ser det ikkje.
  
10. So vil då ikkje heller eg tykkja synd i dei eller spara dei; eg vil lata åtferdi deira koma att på deira eige hovud.
  
11. Og sjå, mannen i linklædnaden og med skrivestellet ved lendi kom attende og sa frå: Eg hev gjort som du bad meg.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES