Bible Study: FrontPage




 

1 Mosebok, Chapter 15

Bible Study - 1 Mosebok 15 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Ei tid etter dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn, og det lydde so: Ver ikkje ottefull, Abram! Eg er din skjold! Løni di skal vera ovleg stor.
  
2. Då sa Abram: Herre, Herre, kva vil du gjeva meg? Barnlaus fer eg min veg, og den som vert eigande huset mitt, er Elieser frå Damaskus.
  
3. Sjå meg hev du ikkje gjeve barn, sa Abram, og ein tenar som er fødd i huset mitt kjem til å erva meg.
  
4. Men sjå då kom Herrens ord til han, og det lydde so: Nei, han skal ikkje erva deg, men ein som er komen av ditt eige blod, skal erva deg.
  
5. Og han leidde han utanfor og sa: Sjå upp til himmelen og tel stjernone, um du er god til. So tallaus, sa han til han, skal ætti di verta.
  
6. Og Abram trudde Herren, og det rekna han honom til rettferd.
  
7. Og han sa til han: Eg er Herren, som leidde deg ut frå Ur i Kaldea, og eg vil gjeva deg dette landet til eiga.
  
8. Og Abram sa: Herre, Herre, kva vissa skal eg hava på det at eg skal få det til eiga?
  
9. Då sa Herren til han: Henta meg ei triæringskviga og ei triæringsgeit og ein triæringsver og ei turtelduva og ein duveunge!
  
10. So henta Abram alt dette åt han og skar dyri midt i tvo og la den eine luten av kvart dyr beint imot det andre. Men fuglane skar han ikkje sund.
  
11. Og rovfuglar kom dalande ned på kjøtet, men Abram jaga dei burt.
  
12. Då det so leid til at soli vilde glada, kom det ein tung svevn på Abram, og gruv, stort myrker, kom yver han.
  
13. Og han sa til Abram: Det skal du vita, at ætti di skal halda til i eit land som ikkje er deira, og dei skal træla for folket der og tola mykje vondt av det i fire hundrad år.
  
14. Men det folket som dei lyt træla for, vil eg og døma; og sidan skal dei draga ut med mykje gods.
  
15. Og du skal fara i fred til federne dine og ganga i gravi i ein god alderdom.
  
16. Og i den fjorde mannsalderen skal dei koma hit att; for endå vantar det noko på syndeskuldi åt amoritane fyrr målet er fullt.
  
17. No var soli gladd, og det var stumende myrkt. Då fekk han sjå ein rjukande omn og ein eldsloge som for fram millom kjøtstykki.
  
18. Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptar-lands-elvi alt til den store elvi, til Fratelvi,
  
19. landet åt kenitane og kenisitane og kadmonitane
  
20. og hetitane og ferisitane og refa'itane
  
21. og amoritane og kana'anitane og girgasitane og jebusitane.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES