Bible Study: FrontPage




 

1 Mosebok, Chapter 20

Bible Study - 1 Mosebok 20 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. So flutte Abraham derifrå til sudlandet og sette seg ned millom Kades og Sur, og sidan helt han til i Gerar.
  
2. Og Abraham sa um Sara, kona si: Ho er syster mi. Og Abimelek, kongen i Gerar, sende folk ut og tok Sara.
  
3. Då kom Gud um natti til Abimelek i draume og sa til han: No lyt du døy, for di du hev teke denne kvinna; for ho er ei gift kona.
  
4. Men Abimelek hadde ikkje vore nær henne. Og han sa: Herre, vil du då drepa rettvise folk og?
  
5. Sa han ikkje sjølv til meg: Ho er syster mi? Og ho, ho sa og: Han er bror min. Med skuldlaust hjarta og reine hender gjorde eg dette.
  
6. Då sa Gud til han i draumen: Ja, eg veit at du hev gjort det med skuldlaust hjarta. Og det var eg sjølv som heldt deg frå å synda mot meg; difor let eg deg ikkje røra henne.
  
7. Lat no du mannen få att kona si; for han er ein profet - so bed han for deg, og då får du leva. Men gjev du henne ikkje frå deg, so må du vita at du skal døy, både du og alle dine.
  
8. Um morgonen tidleg reis Abimelek upp og kalla kring seg alle mennene sine og sa alt dette med dei, og karane vart ovleg redde.
  
9. Og Abimelek kalla til seg Abraham, og sa til han: Kva er det du hev gjort imot oss! Kva vondt hev eg gjort deg, sidan du hev lagt so stor ei synd på meg og riket mitt? Du hev fare åt imot meg som ingen skulde fara åt!
  
10. Kva meinte du med det at du gjorde dette? sa Abimelek til Abraham.
  
11. Då sa Abraham: Eg tenkte det: Dei hev visst ingen age for Gud i dette landet; dei kjem til å drepa meg for kona skuld.
  
12. Og so er ho og i røyndi syster mi; ho er dotter åt far min, men ikkje åt mor mi. Og ho vart kona mi.
  
13. Og då Gud let meg fara frå heimen min ut i vide verdi, då sa eg til henne: Dette lyt du gjera for mi skuld: Kvar me kjem helst, so seg um meg: Han er bror min.
  
14. So tok Abimelek både sauer og naut og drenger og gjentor og gav Abraham og let han få att Sara, kona si.
  
15. Og Abimelek sa: Sjå her hev du landet mitt fyre deg; bu der du helst vil!
  
16. Og til Sara sa han: Sjå, her gjev eg bror din tusund sylvsekel. Det skal vera ei ærebot for deg hjå alle som er med deg, so kvar og ein kann sjå du er saklaus.
  
17. So bad Abraham til Gud for dei, og Gud lækte Abimelek og kona hans og ternone hans, so dei fekk born.
  
18. For Herren hadde heilt upp stengt kvart morsliv i huset åt Abimelek for Sara skuld, kona hans Abraham.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES