Bible Study: FrontPage




 

1 Mosebok, Chapter 23

Bible Study - 1 Mosebok 23 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Alderen hennar Sara vart hundrad og sju og tjuge år gamal; det var leveåri hennar Sara.
  
2. Og Sara døydde i Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, i Kana'ans land. Og Abraham gjekk heim og øya og gret yver Sara.
  
3. Sidan reis Abraham upp og gjekk burt ifrå liket og han tala til Hets-borni og sa:
  
4. Ein framand er eg imillom dykk, ein utlending. Lat meg få ein gravstad til eige hjå dykk, so eg kann få gøyma henne som eg hev mist.
  
5. Då svara Hets-borni Abraham og sa til han:
  
6. Høyr her, gode herre! Ein Guds hovding er du millom oss. I den beste av gravene våre kann du jordi henne som du hev mist. Ingen av oss skal meinka deg gravi si til å jorda henne i.
  
7. Då reiste Abraham seg og bøygde seg for landslyden, for Hets-borni,
  
8. og so tala han med dei og sa: Samtykkjer de i at eg gøymer henne som eg hev mist, so gjer vel og tel for Efron, son åt Sohar,
  
9. at han let meg få Makpelahelleren, som han eig, og som ligg i utkanten av gjordet hans. Han skal få gode pengar for han, er so han vil selja meg han, her midt imillom dykk, til eigande gravstad.
  
10. Men Efron sat midt millom Hets-borni, og Efron, hetiten, svara Abraham so dei høyrde på det, Hets-borni, alle dei som sokna til tingstaden hans, og sa:
  
11. Nei, høyr her, gode herre! Dette gjordet gjev eg deg, og helleren som er der, den gjev eg deg og, for augo åt landsmennene mine gjev eg deg han. Jorda du henne som du hev mist!
  
12. Då bøygde Abraham seg for landslyden,
  
13. og han tala til Efron so landslyden høyrde på det, og sa: Gjev du vilde høyra på meg! Eg legg det som gjordet er verdt. Tak imot det av meg, so eg der kann få jorda henne som eg hev mist!
  
14. Og Efron svara Abraham og sa til han:
  
15. Høyr her, herre! Eit jordstykke som er verdt fire hundrad sylvsekel, kva er det millom meg og deg? Jorda du henne som du hev mist!
  
16. Og Abraham skyna kva Efron meinte, og Abraham vog upp åt Efron det sylvet han hadde tala um medan Hets-borni høyrde på det, fire hundrad sylvsekel, av dei som gjekk og galdt millom kjøpmennene.
  
17. Og gjordet hans Efron i Makpela, som ligg austanfor Mamre, både gjordet og helleren som der er, og alle dei tre som på gjordet voks, so vidt det rokk rundt i kring, vart skøytt
  
18. til Abraham so dei såg på det, Hets-borni, alle dei som sokna til tingstaden hans.
  
19. Sidan jorda Abraham Sara, kona si, i helleren på Makpelagjordet, austanfor Mamre, der Hebron no ligg, i Kana'ans-land.
  
20. Og gjordet med helleren som var der, kom frå Hets-borni yver på Abrahams hender, so han fekk det til eigande gravstad.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES