Bible Study: FrontPage




 

Hebreerne, Chapter 8

Bible Study - Hebreerne 8 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Men ein hovudsak i det som her vert sagt, er: Me hev ein sovoren øvsteprest som sette seg ved høgre sida åt kongsstolen til Majesteten i himlane,
  
2. med presteleg tenesta i heilagdomen, det sanne tabernaklet, som Herren hev reist, og ikkje eit menneske.
  
3. For kvar ein øvsteprest vert innsett til å bera fram både gåvor og slaktoffer; difor er det naudsynt at denne og hev noko å bera fram.
  
4. Um han no var på jordi, so var han ikkje ein gong prest; for det finst dei prestar som ber fram gåvone etter lovi,
  
5. dei som tener ved eit bilete og ein skugge av det himmelske, etter den fyresegn Moses fekk då han skulde laga tabernaklet; for han segjer: Sjå til at du fær gjort alt etter det biletet som vart synt deg på fjellet!
  
6. Men no hev han fenge so mykje betre prestetenesta som det og er ei hævare pakt han er millommann for, med di ho er grunnlagd på hævare lovnader.
  
7. For hadde den fyrste vore ulasteleg, so var det ikkje søkt rom åt ei onnor;
  
8. for det er lastord han talar til dei når han segjer: Sjå, det kjem dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,
  
9. ikkje etter den pakti som eg gjorde med federne deira den dagen eg tok dei i handi og leide dei ut or Egyptar-land; for dei vart ikkje standande i mi pakt, og so brydde eg meg ikkje um dei, segjer Herren.
  
10. For dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagane, segjer Herren: Eg vil leggja lovene mine i hugen deira og skriva dei i hjarta deira, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk,
  
11. og dei skal ikkje læra sin kvar sin landsmann og kvar sin bror og segja: Kjenn Herren! for dei skal alle saman kjenna meg, frå den minste til den største av dei;
  
12. for eg vil vera nådig mot misgjerdene deira, og syndene deira vil eg ikkje lenger koma i hug.
  
13. Med di han segjer: ei ny, hev han dømt den fyrste som gamal; men det som vert gamalt og foraldra, er nær ved å kverva burt.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES