|
|
Hoseas, Chapter 11
1. Då Israel var ung, hadde eg han kjær, og ut or Egyptar-land kalla eg son min.
2. Di meir dei* kalla på dei, di meir gjekk dei burt ifrå dei; dei ofrar til Ba'alane og brenner røykjelse for dei utskorne bileti.
3. Og det var då eg som lærde Efra'im å ganga og tok dei på armane mine; men dei skyna ikkje at eg lækte dei.
4. Med menneskesnorer drog eg dei, med kjærleiksreip; eg var for dei som dei som lettar åket yver kjakane, og eg gav han mat.
5. Han skal ikkje fara attende til Egyptar-land, men Assur skal vera kongen hans; for dei vilde ikkje venda um.
6. Sverdet skal rasa i byane hans og brjota bommane hans og eta ikring seg - for deira meinråder skuld;
7. for folket mitt heng fast i sitt fråfall frå meg, og um nokon kallar dei til det høge, so er det ingen av dei som lyfter augo uppetter.
8. Kor skal eg nenna gjeva deg upp, Efra'im, lata deg fara, Israel? Kor skal eg nenna gjeva deg upp som Adma, gjera med deg som med Sebo'im? Hjarta mitt snur seg i meg, all min medynk vaknar.
9. Eg vil ikkje lata deg kjenna min brennande harm, eg vil ikkje tyna Efra'im ein gong til; for eg er Gud og ikkje eit menneske, den Heilage midt i deg; med vreide vil eg ikkje koma.
10. Herren skal dei fylgja; han skal bura som ei løva; ja, han skal bura, og bivrande skal borni hans koma frå havet;
11. bivrande skal dei koma som fuglar frå Egyptar-land, som duvor frå Assurs land, og eg vil lata dei bu i husi sine, segjer Herren.
|
|
Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.
|
| |
| This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com |
|
|
|
SELECT VERSION
COMPARE WITH OTHER BIBLES
|
|