Bible Study: FrontPage




 

Hoseas, Chapter 13

Bible Study - Hoseas 13 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Når Efra'im tala, vart alle fælne; høgt reis han i Israel; då førde han skuld yver seg med di han dyrka Ba'al og døydde.
  
2. Og no held dei på med si synd og gjer seg støypte bilete av sylvet sitt, avgudar etter sitt eige vit, handverksarbeid alt saman; slike er det dei talar til - menneske som ofrar, kysser kalvar!
  
3. Difor skal dei verta som morgonskyi, som doggi som tidleg kverv, liksom agner som vinden føykjer burt ifrå treskjestaden, og liksom røyk or ein ljore.
  
4. Men eg er Herren din Gud alt ifrå Egyptar-land, og nokon annan Gud enn meg veit du ikkje av, og nokon annan frelsar finst ikkje.
  
5. Det var eg som hadde umsut for deg i øydemarki, i det brennheite landet.
  
6. Av di beitet deira var godt, vart dei mette; og då dei var mette, vart dei høge i sin hug, og so gløymde dei meg.
  
7. Då vart eg mot dei som ei løva; som ein leopard lurer eg innmed vegen;
  
8. eg vil møta dei som ei binna som dei hev teke ungane ifrå, og riva sund bringa deira; eg vil eta dei upp som ei løvemor; villdyri i marki skal slita dei sund.
  
9. Det hev vorte til tjon for deg, Israel, at du hev sett deg upp imot meg, eg som er di hjelp.
  
10. Kvar er då kongen din, at han skulde kunna frelsa deg i alle byane dine, og domarane dine, som du sa um: Lat meg få konge og hovdingar?
  
11. Eg gjev deg ein konge i min vreide, og eg tek han burt att i min harm.
  
12. Misgjerningi åt Efra'im er samla i ein pung, syndi hans er gøymd.
  
13. Rider som hjå ei kvinna i barnsnaud skal koma yver han. Han er ein uvitug son; når stundi er der, kjem han ikkje fram i fødsli.
  
14. Or helheims vald vil eg fria dei, frå dauden vil eg løysa dei ut. Kvar er di sott, du daude? Kvar er din pest, du helheim? Anger er løynd for augo mine*.
  
15. For han ber frukt*, der han stend millom brørne sine; men det kjem ein austanvind, eit Herrens ver, farande upp ifrå øydemarki; då vert brunnen hans tom, og kjelda hans tryt; han** ranar heile skatten av kostnadting.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES