Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 11

Bible Study - Esaias 11 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Men ein kvist skal renna or Isai-stuven, og ein renning frå hans røter skal bera frukt.
  
2. Og Herrens Ande skal kvila yver han, Anden med visdom og vit, Anden med råd og styrke, Anden som gjev kunnskap um Herren og otte for han.
  
3. Han skal hava sin hugnad i otte for Herren, og han skal ikkje døma etter det augo ser, og ikkje skifta rett etter det øyro høyrer,
  
4. men han skal døma armingar med rettferd, og skifta rett med rettvisa for dei smålåtne på jordi, og han skal slå jordi med riset i sin munn og drepa den ugudlege med anden frå lippone sine.
  
5. Rettferd skal vera beltet um lendene og truskap beltet um mjødmane hans.
  
6. Då skal ulven bu saman med lambet, og leoparden liggja i lag med kjeet, og kalven og ungløva og gjødfeet skal semjast saman, og ein smågut skal gjæta dei.
  
7. Kui og bjørnen skal beita saman, ungane deira skal liggja i lag, og løva skal eta halm som ein ukse.
  
8. Sogbarnet skal leika seg innved bolet til hoggormen, og barnet som nyst er avvant, skal retta handi ut yver hola åt basilisken.
  
9. Ingen skal gjera vondt eller ugagn på heile mitt heilage fjell; for landet er fyllt av kunnskap um Herren, liksom vatnet fyller havdjupet.
  
10. I den tidi skal heidningfolki søkja til rotrenningen av Isai, som stend til ei fane for folkeslag; og bustaden hans skal vera herleg.
  
11. I den tidi skal Herren endå ein gong retta ut handi og vinna leivningen av folket sitt, dei som vert berga frå Assyria og Egyptar-land og Patros og Etiopia og Elam og Sinear og Hamat og havstrendene.
  
12. Og han skal reisa ei fana for folki og samla dei burtdrivne menner av Israel og sanka saman dei spreidde kvinnor av Juda frå heimsens fire hyrno.
  
13. Då skal Efra'ims ovund kverva, og dei som tek på Juda, skal verta utrudde; Efra'im skal ikkje hysa ovund mot Juda og Juda ikkje taka på Efra'im.
  
14. Og dei skal slå ned* på herdi åt filistarane i vest, og sameinte skal dei taka herfang av austmennene. På Edom og Moab skal dei leggja hand, og Ammons-borni skal lyda dei.
  
15. Og Herren skal bannstøyta viki av Egyptarhavet og svinga handi yver elvi*, med sin sterke storm, og han skal kløyva henne i sju bekker, so ein kann ganga yver med skor.
  
16. So skal det vera ein brøytt veg for leivningen av folket hans, dei som vert berga frå Assyria, liksom det var for Israel den dagen dei drog upp frå Egyptar-landet.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES