Bible Study: FrontPage




 

Esaias, Chapter 13

Bible Study - Esaias 13 - Norwegian - Norsk 1938 Nynorsk - Web
 
 
 
Comment!       Comment Disqus!
  
1. Framsegn um Babel, som Esaias, son til Amos, fekk i eit syn.
  
2. Reis eit merke på skoglaust fjell, ropa høgt til dei, veifta med handi at dei kann koma og draga inn gjenom portane åt valdsherrane!
  
3. Eg hev bode ut dei vigde mennene mine, ja, til å tena min vreide hev eg kalla kjempone mine, dei sigerbyrge, jublande skarar.
  
4. Høyr! Ståk på fjelli som av eit stort folk! Høyr! Gny av kongerike, av folkeslag som strøymer i hop! Herren, allhers Gud, mønstrar stridsheren sin.
  
5. Frå eit land langt burte kjem dei, frå himmelens ende, Herren og hans vreide-verkty, og vil herja heile jordi.
  
6. Skrik og jamra dykk! For Herrens dag er nær; han kjem som vald frå den Allveldige.
  
7. Difor sig alle hender, og alle mannshjarto brånar i barmen.
  
8. Dei reddast, ve og verk tek dei, dei vrid seg som ei fødande kvinna. Vitskræmde stirer dei på kvarandre, raude som eldslogar er dei i andletet.
  
9. Sjå, Herrens dag kjem, grueleg og full av vreide og brennande harm, og skal gjera jordi til ei øydemark og rydja ut syndarane hennar;
  
10. for stjernone og dei strålande stjernebileti på himmelen skal ikkje lata ljoset sitt stråla; soli er myrk når ho renn, og månen skin ikkje.
  
11. Eg vil heimsøkja jordi for vondskapen hennar og dei ugudlege for deira misgjerning, eg vil gjera ende på storlætet til dei ovmodige og døyva trassen hjå valdsherrane.
  
12. Eg skal gjera folk meir sjeldsynte enn fint gull, menneske meir sjeldsynte enn gull frå Ofir.
  
13. Difor vil eg skaka himmelen, og jordi skal fara bivrande upp frå sin stad ved harmen åt Herren, allhers Gud, på i den dagen vreiden hans brenn.
  
14. Og som eit skræmt rådyr, liksom sauer som ingen sankar, skal dei snu heim, kvar til sitt folk, og fly kvar til sitt land.
  
15. Kvar den som vert funnen, vert gjenomstungen, og kvar den som vert gripen, skal falla for sverd.
  
16. Småborni deira skal krasast so dei ser på det; husi deira skal verta herja og kvinnone deira valdtekne.
  
17. Sjå, eg eggjar mot dei medarane, som ikkje bryr seg um sylv eller trår etter gull,
  
18. og bogane deira feller gutane; med fosteret i morslivet hev dei ingen medynk, borni sparer dei ikkje.
  
19. Og med Babel, kruna millom riki, den stolte kaldear-pryda, skal det ganga som då Gud la Sodoma og Gomorra i øyde.
  
20. Aldri meir skal det byggjast att; frå ætt til ætt skal ingen bu der; ingen arab skal slå upp sitt tjeld der, og ingen hyrding lægra seg der med si hjord.
  
21. Men ville dyr skal liggja der, og husi fyllast av hubro; strussar skal bu der og raggetroll hoppa ikring.
  
22. Ville hundar skal yla i dei aude borgene, og sjakalar i vellyst-slotti. Snart stundar timen til, og dagane skal ikkje drygast ut.


Search in:
Terms:

Vote and Comment on Facebook:Recommend This Page:
Post on Facebook Add to your del.icio.us Digg this story StumbleUpon Twitter Google Plus Post on Tumblr Add to Reddit Pin this story Linkedin Google Bookmark Blogger
Insert Your Personal Insight:

Please do not make mean comments and follow the biblical and spiritual character of this forum. If, however unpleasant situations arise, we request to flag it to us in order to evaluate the situation.

Text source: N38 - Norwegian 1938 Nynorsk. Copyright (c) 1938 Det Norske Bibelselskap.

This project is based on delivering free-of-charge the Word of the Lord in all the world by using electronic means. If you want to contact us, you can do this by writing to the following e-mail: bible-study.xyz@hotmail.com


SELECT VERSION

COMPARE WITH OTHER BIBLES